Søk Bufdir om tilskot til inkludering av barn og unge

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søkje om tilskot frå Bufdir (barne-, ungdoms- og familiedirektoratet). Søknadsfrist er 17. desember 2021.

Tilskotet til inkludering av barn og unge er ei ny tilskotsordning, slått saman av tidlegare Nasjonal tilskuddsordning for barn og unge, Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn og Støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom. Det er òg andre endringar i regelverket og søknadsprosessen, samanlikna med tidlegare år, sjå meir informasjon på bufdir.no.

Målet

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit for meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

Målgruppa

Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Les meir og søk

Til toppen