Søknad om flytting/utviding av anlegg for settefisk i Sævareid

Sævareid Fiskeanlegg AS har søkt om ei mindre utviding av anlegg for settefisk av laks og aure på lokalitet 10141 i Sævareid. 

Klikk for stort bileteKartet syner omsøkt flytting av anlegg for settefisk - frå Skogseidvatnet i aust, til Sævareid Fiskeanlegg AS i vest.  

Søknaden inneber auka utslippsløyve frå 4300 til 4370 tonn årleg produksjon av biomasse etter forureiningslova - samt vurdering av dette etter matlova og handsaming av løyve etter Akvakulturklova. Søknaden inneheld ønskje om å flytte produksjonen frå merdbasert settefisklokalitet 10146 Berlandstveit i Skogseidvatnet, til settefiskanlegget på lokalitet 20141 i Sævareid. Det er vurdert at dette gjev miljømessige fordelar då det fører til mindre utslepp til eit sårbart økosystem i innsjø, og samstundes gjev ei marginal produksjonsauke på 1,6 % ved anlegget – der ein reinsar avlaupet til ein betre resipient i sjø. Produksjonsauka er planlagt innafor gjeldande produksjonsplanar og struktur ved anlegget.

Søknaden inneber ikkje endra arealbruk, og søknaden er i tråd med kommuneplanen sin arealdel (KPA Fusa, 2015-27). Noregs Vassdrags og energidirektorat (NVE) har vurdert at utvidinga ikkje medfører ny konsesjonshandsaming etter vassressurslova. Gjeldande løyve etter Akvakulturlova er frå 2015.

Vestland Fylkeskommune er myndigheit i saka, og deira vurdering er at miljødokumentasjonen i saka gjev tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere om tiltaket får vesetnleg verknad for miljø og samfunnn, jf. vedlegg III i forskrift om konsekvensutgreiing. Dersom berørte fagmyndigheiter meiner at tiltaket kan få vesentlege verknader – og at desse ikkje er gjort tilfredstillande greie for i søknaden, kan dette meldast til fylkeskommunen innan 4 veker etter kunngjering.

Bjørnafjorden kommune har fått søknaden til uttale, og vil sende over alle inkomne merknader saman med sin uttale etter høyringsperioden.

Dersom du ønskjer å uttale deg i saka: Uttale merkast med saksnummer 20/11277, og sendast til post@bjornafjorden.kommune.no

Høyringsfrist er sett til 30.06.2020.

Her finn du søknadsdokumenta:

Til toppen