Søknad om lokalitetsavklaring

Oppdrettsselskapet, Bolaks AS, har søkt Bjørnafjorden kommune om å avklare muleg lokalitet for landbasert oppdrett av postsmolt og matfisk på gnr/bnr 112/3, Samnøy.

Med medhald av havne- og farvannsloven §14 og delegasjonsreglementet til Bjørnafjorden kommune har administrasjonen handsama søknaden frå oppdrettsselskapet, Bolaks AS, om lokaliteten på Samnøy er eigna for landbasert oppdrett.
Klikk for stort bilete Fleire sentrale spørsmål kring eignetheit vil verte sett nærare på i samband med endring av godkjend områdeplan for Samnøy industriområde, eit arbeid som er i prosess. Ut frå den informasjonen som kommunen kan leggje til grunn på noverande tidspunkt er konklusjonen at området er eigna for omsøkt verksemd.

Det aktuelle delområdet ligg nordvest i planområdet (BKB6) og vil óg gjelde tiltak i sjø (kaianlegg), SK4 og VHS4.
Eksternt fagmiljø har utarbeida rapport som mellom anna skildrar kva tiltak oppdrettsverksemda må gjennomføra for å sikre naturmiljøet på land og i fjorden mot skadeleg påverknad. Kommunen finn rapporten tilfredsstillande utført, men lista over avbøtande tiltak eller val av løysingar er ikkje uttømmande. 
Endeleg avgjerd om eignetheit og tilråding av løysingar vil kommunen kome attende til når endringa av områdeplanen for Samnøy industriområde er ferdig handsama.
Om det er spørsmål til saka så kan desse sendast til kommunen sitt sentrale epostmottak: post@bjornafjorden.kommune.no Meir informasjon i saka finn ein ved å klikke her.

Til toppen