Vedtak av detaljreguleringsplan for Lundestølen, del av 45/1

Klikk for stort bilete

  • Vedtak av detaljreguleringsplan for Lundestølen, del av 45/1
  • Frist for å klage: 26.06.2020
  • Arkivsak: 20/661

I medhald av § 12-12 i plan- og bygningsloven har kommunestyret i Bjørnafjorden i møte den 12.05.2020, sak 34/2020, godkjent detaljreguleringsplan for Lundestølen, del av 45/1.

Føremålet med planen er å regulere for konsentrerte bustader i form av rekkehus og vertikal- og horisontaldelte fleirmannsbustader. Det er opna for å bygge 35 bueinigar innanfor planområdet.

Planen er bindande for alle arbeid og tiltak innan planområdet, jf. § 12-4 i plan- og bygningsloven.

Frist for å klage på vedtaket er 26.06.2020

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningsloven. Det blir elles vist til § 12-12 i plan- og bygningsloven.

Eventuell klage skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no

Ver venleg og vis til saksnummeret 20/661.

Lenke til arkivsak

Til toppen