Vedtak om endring av detaljregulering for Åsamyrane, del av 13/1 og 13/2

Klikk for stort bilete

  • Vedtak om endring for Åsamyrane
  • Klagefrist: 18.06.2021
  • Arkivsak: 21/408

I samsvar med plan- og bygninglova § 12-12 kunngjer Bjørnafjorden kommune at endring av detaljreguleringsplan for Åsamyrane er vedteken. 

Endringa gjeld eit nytt plankart kor avkøyrsle mot Lyseklostervegen er tatt vekk og erstatta med føremål kombinert bebyggelse og anlegg som resten av planområdet er avsett til. Tidlegare regulert fortau vert omregulert til gang- og sykkelveg.

Du kan klage på vedtaket dersom du er part i saka eller dersom du har konkret, praktisk og aktuell interesse i ei rettsleg avklaring på vedtaket. Klagefrist er 18.06.2021.

Klage skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no

Ver venleg å vise til saksnr 21/408.

Dokument i saka finn du her

Til toppen