VEDTAK OM ENDRING AV DETALJREGULERINGSPLAN FOR HEGGLAND

Klikk for stort bilete

  • Offentleg ettersyn av vedtak om endring for Heggland
  • Merknadsfrist: 24.05.2021
  • Arkivsak: 20/2570

Planområdet
I samsvar med plan- og bygninglova § 12-12 kunngjer Bjørnafjorden kommune at endring av detaljreguleringsplan for Heggland er vedteken. Føremålet er å endre utnyttingsgrad frå %-BYA = 20 % til %-BYA = 25 % for å opne for små og mellomstore tomannsbustader i tillegg til einebustader, forbetre planen når det gjeld uteområde og interne leike- og rørslemønster for særleg born, flytting av teknisk område og nye bossoppstillingsplassar.

Du kan klage på vedtaket dersom du er part i saka eller dersom du har konkret, praktisk og aktuell interesse i ei rettsleg avklaring på vedtaket. Klagefrist er 24.05.2021.

Klage skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no

Ver venleg å vise til saksnr 20/2570.

Dokument i saka finn du her

Til toppen