Vedtak om endring av detaljreguleringsplan for Vågshaugen sørvest, 48/284

Klikk for stort bilete

  • Offentleg ettersyn av vedtak om endring for Vågshaugen sørvest, 48/284
  • Merknadsfrist: 24.05.2021
  • Arkivsak: 20/2527

Planområdet
I samsvar med plan- og bygninglova § 12-12 kunngjer Bjørnafjorden kommune at endring av detaljreguleringsplan for Vågshaugen sørvest, gbnr. 48/284 er vedteken. Endringa går ut på ein auke i tal av bustadtomter, justering av veg og teknisk infrastruktur, oppgradering i tråd med dagens krav, samt å få samordna utbygging med Vågshaugen sør. Endringa gir ikkje fleire bustadeiningar eller auke i utnytting og areal til bebyggelse.

Du kan klage på vedtaket dersom du er part i saka eller dersom du har konkret, praktisk og aktuell interesse i ei rettsleg avklaring på vedtaket. Klagefrist er 24.05.2021.

Klage skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no

Ver venleg å vise til saksnr 20/2527.

Dokument i saka finn du her

Til toppen