Vedtak om endring av reguleringsplan for Osøyro - Hamnevegen - Lientomta

Klikk for stort bilete

  • Vedtak om endring av reguleringsplan for Osøyro - Hamnevegen - Lientomta 
  • Klagefrist: 01.08.2021
  • Arkivsak: 21/716

I samsvar med plan- og bygninglova § 12-12 kunngjer Bjørnafjorden kommune at endring av reguleringsplan for Osøyro - Hamnevegen - Lientomta er vedteken. 

Endring av plan inneber at ein kan etablere delar av parkering utanfor parkeringsgarasje og unngå utfordring med dårleg fjell. Det er gjort nokre justeringar i plankart og ein del justeringar i reguleringsføresegnene slik at desse er oppdaterte. 

Du kan klage på vedtaket dersom du er part i saka eller dersom du har konkret, praktisk og aktuell interesse i ei rettsleg avklaring på vedtaket. Klagefrist er 01.08.2021.

Klage skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no

Ver venleg å vise til saksnr 21/716. 

Dokument i saka finn du her

Til toppen