Vedteken detaljregulering for Borgavegen

Klikk for stort bilete

  • Vedteken detaljregulering for Borgavegen
  • Frist for å klage: 19.03.2021
  • Arkivsak: 19/10175

I medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova har kommunestyret i Bjørnafjorden i møte den 18.02.2021, godkjent detaljregulering for Borgavegen. 

Føremålet med planen er å sikre betre tilpassing av veg med fortau til nokre naboegedomar, betre veggeometri, samt for å ivareta avkøyrslar, kryss og sikt. Tiltaket er eit av fleire for å sikre trygg skuleveg til Borgafjellet skule og betre tilhøve for mjuke trafikantar i området elles.

Du kan klage på vedtaket dersom du er part i saka eller dersom du har konkret, praktisk og aktuell interesse i ei rettsleg avklaring på vedtaket. Klagefrist er 19.03.2021. Klage skal sendast til post@bjornafjorden.kommune.no

Ver venleg å vise til saksnr 19/10175

Dokument i saka finn du her

Til toppen