Introduksjonsprogram for flyktningar

Flyktningar som blir busette i Bjørnafjorden kommune etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI), har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet.

Dersom du buset deg utan at det er avtalt med kommunen, mistar du retten til å delta i introduksjonsprogrammet og får ikkje introduksjonsstønad.

Kva går introduksjonsprogrammet ut på?

Gjennom programmet vil du lære norsk og få kunnskap om det norske samfunnet. Du vil òg få prøve deg i arbeidslivet. Målet med introduksjonsprogrammet er å hjelpe deg ut i jobb eller utdanning, slik at du kan klare deg sjølv økonomisk.

Til toppen