Informasjon om bustønad, startlån og bustadtilskot

Bustønad er ei støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bustadutgifter.

Startlån og bustadtilskot er for deg som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad, og som heller ikkje har moglegheit for å spare. Dersom du ikkje får vanleg bustadlån eller har vanskar med å bli buande i bustaden din, kan du søke om desse låne- og støtteordningane.

Bustønad

Har du låg inntekt og høge utgifter til bustad, kan du søkje om bustønad frå Husbanken. Du har ikkje rett til bustønad dersom inntektsgrunnlaget i husstanden overstig Husbanken si øvre inntektsgrense.
Her finn du husbanken sine inntektsgrenser. 

Les dette før du søker:

  • Søkar og bipersonar må vere registrerte i Folkeregisteret på søkeadressa den 1. i søknadsmånaden
  • Du må levere alle sider av gyldig husleigekontrakt, signert av utleigar og deg
  • Husbanken har sett ei øvre grense på godkjente bustadutgifter etter talet på personar i husstanden. Utgifter over denne grensa blir ikkje tatt med i berekninga.

Les meir på Husbanken si heimeside.

Startlån og bustadtilskot

Startlån og bustadtilskot er for deg som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad, og som ikkje har moglegheit til å spare. 

Startlån:

  • Manglande eigenkapital for å få lån i vanleg bank er i seg sjølv ikkje tilstrekkeleg for å få startlån. Du må ha undersøkt moglegheiter for fullfinansiering i bank, samt moglegheitene for at bankane kan gå med på samfinansiering med kommunen
  • Inntekta til husstanden må vere fast og stabil over tid. Dersom du er arbeidsfør må du vere i tilnærma 100 % jobb
  • Bustaden må ligge i Bjørnafjorden kommune og vere godkjend som heilårsbustad. Det er ein føresetnad at låntakar sjølv bur i bustaden. Dersom du flyttar frå bustaden må heile lånet bli innfridd
  • Bustaden skal vere av rimeleg og nøktern stand
  • Det er eit krav at du har spart opp eigenkapital til å betale omkostningane som kjem ved eit bustadkjøp

Bustadtilskot:
Varig økonomisk vanskelegstilte husstandar kan søke bustadtilskot. Saman med startlån kan dette gi moglegheit til å kjøpe eller behalde ein eigna og nøktern bustad. Tilskot til etablering er strengt behovsprøvd.
Tilskot til tilpassing: Dette tilskotet kan også gå til nødvendige tilpassingar i heimen på grunn av redusert funksjonsevne.

Kven kan søke om startlån og bustadtilskot?

Barnefamiliar
  • Du har barn og økonomiske utfordringar med å skaffe ein eigna bustad 
  • Du har behov for å sikre ein trygg, god og stabil bustadsituasjon i løpet av kort tid
  • Du har problem med å dekke utgifter til bustad, og refinansiering med startlån kan bidra til at familien din kan bli buande i bustaden
Personar som mottar trygd/offentlege ytingar
  • Du har låg, men stabil og sikker inntekt, og får ikkje tilstrekkeleg lån i vanlege bankar
  • Du har høg nok inntekt til at du kan betene eit startlån i tillegg til andre nødvendige utgifter
Personar med gjeldsproblem
  • Du har bustadgjeld og anna gjeld med høg rente, og står i fare for å mista bustaden ved tvangssal 
  • Du klarer ikkje å betene noverande gjeld, men kan dekke utgiftene og behalde bustaden dersom låna blir refinansierte med startlån
Andre
  • Du har særlege sosiale eller helsemessige utfordringar, og manglar ein eigna bustad
  • Startlån til kjøp eller refinansiering er nødvendig for å kunne halde fram i jobben

Unge i etableringsfasen er ikkje i målgruppa. Det er ein føresetnad at du utnytter moglegheitene du har for å spare opp nødvendig eigenkapital og søker lån i vanleg bank.

Slik søker du

Søk elektronisk på Husbanken sine heimesider. 

Du må legge ved dokumentasjon som viser inntekter, faste utgifter, formue og gjeld, samt andre opplysningar om den økonomiske og sosiale situasjonen for husstanden. Dersom det føreligg særlege bustadsosiale forhold som bør vurderast, må dette også vere dokumentert. 

Kontakt

Kamilla Lyssand
Konsulent
Mobil: 476 12 837
Lars Trane
Leder
Mobil: 982 34 465
Til toppen