Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Søk om kommunal bustad

Du kan leige kommunal bustad av Bjørnafjorden kommune dersom du oppfyller desse krava for tildeling av utleigebustad. (PDF, 32 kB)

Slik søkjer du

Du må legge ved følgjande dokumentasjon:

  • Lønns - eller trygdeslipp for dei to siste månadene for alle personar i husstanden.
  • Dokumentasjon av eventuelle andre inntekter, til dømes barnebidrag, kontantstøtte, bustøtte, forsikringsutbetalingar, studielån og næringsinntekt.
  • Dokumentasjon på faste utgifter, til dømes husleige, barnepass/barnebidrag.
  • Dokumentasjon av gjeld: kopi av låneavtale og aktuelt terminbeløp.
  • Utskrift av sjølvmelding eller likning for alle i husstanden (ikkje likningsattest).
  • Dokumentasjon ved eventuell oppseiing av leigeforhold.
  • Viss du er utanlandsk statsborgar: legg ved ved kopi av pass og busettingsløyve (brev frå UDI).
  • Dokumentasjon på sosiale, helsemessige eller andre tilhøve som du meiner kan ha betydning for søknaden.
  • Du må vere fylt 18 år, og ha budd i Bjørnafjorden kommune dei siste to åra. Vi kan gjere unntak dersom du har ei særleg tilknytning til Bjørnafjorden kommune, og kan vise til eit stort behov for å bu i kommunen.
  • Du og dei andre i din husstand må ikkje ha inntekt, formue eller anna som gjer deg i stand til sjølv å skaffe eigna bustad. Ved behov for spesialtilpassa bustad, tildeler vi etter samla vurdering av inntekt og funksjonsevne.
  • Bjørnafjorden kommune kan stille krav om at du tek imot hjelpetiltak, slik som butrening, buoppfølging eller liknande. Dersom du har brote tidlegare husleigekontrakter, samarbeidsavtalar eller har gjeld til Bjørnafjorden kommune, kan søknaden om kommunal bustad bli avslått.

Dersom krava over er oppfylde, vurderer og vektlegg vi følgjande: 

  • Du må vere utan eigna bustad eller dokumentere tvingande grunnar til å flytte frå noverande bustad.
  • Du har av helsmessige eller sosiale årsaker behov for endring av noverande butilhøve.
Du får vanlegvis tildelt bustad med treårig husleigekontrakt. Når kontraktsperioden nærmar seg slutten, må du søke på nytt. Dersom du framleis oppfyller krava for tildeling av kommunal bustad, vil du få tildelt bustad på nytt.
 

Kontakt

Lars Trane
Leiar bustad- og flyktningtenesta
Telefon: 98 23 44 65
Kamilla Haugsbakk Lyssand
Bustadrådgivar
Telefon: 47 61 28 37
Til toppen