Slik søker du redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehagen

Les dette før du søker. Her finn du informasjon om kven som har rett til redusert foreldrebetaling og til gratis kjernetid i barnehagen, om korleis du går fram for å søke og kva opplysningar du må legge ved for at vi skal kunne behandle søknaden din. 

 

Makspris for barnehage

Makspris for barnehage i Bjørnafjorden kommune er sett til kr 3315,- per månad. Frå 1. august 2022 blir maksprisen redusert til kr 3050,- per månad.

Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga

Ordninga går ut på at husstanden ikkje skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. 

Dette gjeld både kommunale og private barnehagar. Kommunen har ansvaret, og skal refundere inntektstapet til dei private barnehagane der foreldre har fått vedtak om redusert foreldrebetaling.

Gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling i barnehage

Kven kan søke om redusert foreldrebetaling i barnehagen?
  • Husstandar med samla brutto årsinntekt under kr 607 750,- kan søke om redusert foreldrebetaling.
    Du/de skal altså ikkje søke dersom husstanden si samla brutto årsinntekt overstig kr 607 750 650,-

    Merk: Frå 1. august 2022 blir inntektsgrensa redusert til kr 559 167,-

Kven kan søke om gratis kjernetid?

Alle 2–5-åringar i husstandar med inntekt under 583 650 kroner har rett på gratis kjernetid i barnehagen. Ordninga gjeld òg for barn med utsett skulestart. 
Merk: Frå 1. august 2022 er inntektsgrensa sett til kr 598 825,-

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald i veka i barnehagen. Dersom barnet har heildagsplass, må du betale for opphald utover dei 20 timane.

Kva slags inntekt er med i berekninga?

Foreldrebetalinga i barnehagen skal bereknast ut frå husstanden si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.

  • Ein husstand er ektefellar, registrerte partnarar eller sambuarar.

  • Sambuarar er to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn.

Dersom eit barn ikkje bur fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga bereknast ut frå samla inntekt i husstanden der barnet er folkeregistrert.

Du må legge ved dokumentasjon på inntekt:

  • Gjeldande skattemelding for foreldre som bur saman med barnet. Hugs å sende inn for begge foreldra, dersom begge bur saman med barnet.
  • Gjeldande skattemelding for ektefelle/sambuar til søkar, dersom denne bur i same hushald som barnet.
  • Er inntekta di endra sidan gjeldande skattemelding? I så fall må du òg sende dokumentasjon på dette.
    Døme: tre siste lønsslippar, dokumentasjon på ytingar frå NAV eller studentbevis.
Må føresette sende søknad?
  • Ja, føresette må sende søknad. 

  • Føresette som søker må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet. Dersom barnet bur fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i husstanden der barnet har si folkeregistrerte adresse.

  • Føresette må søke til den kommunen barnet er folkeregistrert i.

  • Føresette må legge ved siste skattemelding.

  • Dersom inntekta avvik frå skattemeldinga, må de vise det ved å legga ved lønsslipp for dei siste tre månadene.

  • Dersom de ikkje kan legge fram skattemelding, må de legge ved annan dokumentasjon, til dømes lønsslipp frå arbeidsgjevar eller inntekt frå NAV. Vi kan ikkje behandle søknader utan tilstrekkeleg dokumentasjon.

Når gjeld vedtaket frå, og kor lenge gjeld det?

Søknadsfristen er den 10. i månaden før vedtaket skal gjelde frå. Du må altså t.d. søke seinast 10. oktober for at vedtaket skal gjelde for november.  

Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld ut barnehageåret (juni). Vedtak frå august gjeld altså til og med juni året etter.

Du må søke på nytt for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon for husstanden si samla inntekt. Vi tilrår at du søkjer for neste barnehageår innan 15. mai. 

Du kan søke i løpet av barnehageåret dersom det er store og varige endringar i inntekta, til dømes på grunn av langtidsarbeidsløyse, samlivsbrot eller anna.

Etter at du har fått vedtaket, blir fakturaen automatisk justert.  

Om saksbehandlinga

Kommunen gjer eit enkeltvedtak når dei innvilgar eller avslår ein søknad om redusert foreldrebetaling. Eit enkeltvedtak følgjer reglane i forvaltningslova og fastslår søkaren sine rettar og plikter.

Du kan klage på vedtaket

Får du avslag på søknaden, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen skal du oppgi kva du ønskjer å få endra, og begrunne dette.

Klagen sender du til NAV Bjørnafjorden. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til sentral klagenemnd i kommunen. 

 

Her finn du lenker til søknadsskjema, og meir informasjon om foreldrebetaling: 

Les meir om foreldrebetaling (Utdanningsdirektoratet)

Søk om gratis kjernetid/redusert foreldrebetaling

Kontakt

Marit Seppola
Sosialkurator
Telefon: 55553333
Mobil: 48405974
Olga Bjørge
Økonomisk rådgjevar
Telefon: 41290918
Mobil: 41290918
Siri Rådmannsøy
Ingen stillkode
Mobil: 94986451
Til toppen