Kommunen gjer eit enkeltvedtak når dei innvilgar eller avslår ein søknad om redusert foreldrebetaling. Eit enkeltvedtak følgjer reglane i forvaltningslova og fastslår søkaren sine rettar og plikter.
Du kan klage på vedtaket
Får du avslag på søknaden, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen skal du oppgi kva du ønskjer å få endra, og begrunne dette.
Klagen sender du til NAV Bjørnafjorden. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til sentral klagenemnd i kommunen.