Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Meld feil i kart

Nokre av kartløysingane for Bjørnafjorden kommune er ikkje klare til 1. januar. Vi arbeider med saka! 

 

Her kan du sende inn melding om feil og manglar som gjeld veg, vatn og avløp i Bjørnafjorden kommune. 

Slik melder du frå om feil:

Klikk "Opprett ny sak". Peik i kartet eller skriv inn adressa for feilen.
Du kan legge ved bilete etter at du har sendt inn meldinga. Bileta blir då knytte til saka di.

Du kan sjå lista over alle innmelde feil, slik at du kan unngå å melde inn same feil på nytt. Eventuelle skildringar og informasjon om deg som meldar vil ikkje vere synleg for andre enn dei som skal behandle saka.

Ved akutte hendingar, ring Teknisk vakt på 982 34 440.

Til toppen