Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Vasskvalitet i Bjørnafjorden kommune

Vi tar hyppige prøvar av drikkevatnet i Bjørnafjorden kommune.

 

Kvar kjem drikkevatnet vårt frå?

Drikkevatnet i det som fram til 31.12.2019 var Os kommune kjem frå Krokavatnet, Steindalsvatnet og Søvikvatnet, og blir ført i røyr til eitt av dei to vassbehandlingsanlegga Os VBA eller Søvik VBA.

Siste utførte målingar av kalsiuminnhaldet i vatnet i Os viste at vatnet frå Os VBA har mellom 1 og 2 mg kalsium per liter. Vatnet frå Søvik VBA har om lag 4 mg kalsium per liter. Målinga blei utført i 2015.

I det som fram til 31.12.2019 var Fusa kommune forsyner det offentlege vassverket Eikelandsosen og delar av Hålandsdalen opp til og med Holdhus. Vassverket sine to vasskjelder, Helland og Skjelbreid, har reinseanlegg.

Elles står desse private fellesvassverka for vassforsyninga:

  • Nordtveit vassverk forsyner husstandar frå Hjartnes til Hjartåker. Kjelde: Vetlevatnet
  • Baldersheim vassverk forsyner husstandar frå Revne til Solvang. Kjelde: Laugarvatnet
  • Sævareid vassverk forsyner husstandar i Sævareid. Kjelde: Laugarvatnet
  • Skjørsand og Fusa vassverk forsyner husstandar frå Skjørsand til og med Fusa-bygda. Kjelde: Skåtavatnet
  • Strandvik og Vinnes vassverk forsyner husstandar frå Vinnes til Håvik. Kjelde: Skåtavatnet

 

Kor hardt vatn har vi i Bjørnafjorden kommune?

Når vi snakkar om hardt eller blautt vatn, snakkar vi i hovudsak om innhaldet av kalsium. I Os har vi neste ikkje kalsium i vatnet, og det betyr at vi har svært blautt vatn.

I motsetnad til vatnet vårt, legg hardt vatn att eit kalkbelegg i til dømes glas og kaffitraktarar. Dette har du gjerne lagt merke til i andre europeiske land.

Månadlege prøveresultat frå Os:

 

2018 


2017

Vasskvalitet i januar 2017 (PDF, 203 kB)
Vasskvalitet februar 2017 (PDF, 204 kB)
Vasskvalitet mars 2017 (PDF, 202 kB)
Vasskvalitet april 2017 (PDF, 199 kB)
Vasskvalitet mai 2017 (PDF, 205 kB)
Vasskvalitet juni 2017 (PDF, 203 kB)
Vasskvalitet juli 2017 (PDF, 203 kB)
Vasskvalitet august 2017 (PDF, 201 kB)
Vasskvalitet september 2017 (PDF, 201 kB)
Vasskvalitet oktober 2017 (PDF, 86 kB)
Vasskvalitet november 2017 (XLSX, 16 kB)
Vasskvalitet desember 2017 (PDF, 83 kB)

 

2016

Vasskvalitet januar 2016 (PDF, 79 kB)
Vasskvalitet februar 2016 (PDF, 78 kB)
Vasskvalitet mars 2016 (XLSX, 13 kB)
Vasskvalitet april 2016 (XLSX, 15 kB)
Vasskvalitet mai 2016 (XLSX, 15 kB)
Vasskvalitet juni 2016 (PDF, 203 kB)
Vasskvalitet juli 2016 (PDF, 201 kB)
Vasskvalitet august 2016 (PDF, 208 kB)
Vasskvalitet september 2016 (PDF, 204 kB)
Vasskvalitet oktober 2016 (PDF, 203 kB)
Vasskvalitet november 2016 (PDF, 206 kB)
Vasskvalitet desember 2016 (PDF, 200 kB)

2015

Sjå prøveresultat for 2015

Til toppen