Bjørnafjorden kommune har utarbeida ei lokal forskrift for utleige av el-sparkesyklar frå kommunal grunn. Denne forskrifta har vore på høyring og skal vedtas i kommunestyret hausten 2022.
Les forskrift for utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn i Bjørnafjorden kommune
Fram til forskrifta er vedteke i kommunestyret ligg følgande avtale til grunn for utleige av elsparkesyklar. (PDF, 388 kB)
Bakgrunn
Stortingen vedtok ei lov om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn i juni i fjor. Dette opnar for at kommunane kan vedta eigne lokale forskrifter.
Dei nye reglane i vegtrafikklova gir kommunen betre heimel for å trafikkregulere bruk av el-sparkesyklar, og eit betre rettsgrunnlag for å lage kommunale reglar. Dette gjeld både trafikkregulering og reglar for utleige av el-sparkesyklar på offentleg grunn.