Kven har ansvar for vegen?

Finn ut om vegen er statleg, fylkeskommunal, kommunal eller privat og meld frå om eventuelle feil til rett instans.

Her kan du sjå kva vegar som er kommunale

Dersom vegkoden begynner på KV, er det kommunal veg. Andre kodar: PV står for privat veg, FV er fylkesveg og EV er Europa-veg.  

Kvar skal du melde frå om feil?

  • Gjeld tilbakemeldinga fylkesveg eller riksveg? Ring Vegtrafikksentralen på telefon 175, eller send ein e-post til firmapost-vest@vegvesen.no
  • Kommunal veg: Ring Bjørnafjorden kommune på 56 57 50 00 eller send ein e-post til post@bjornafjorden.kommune.no
  • Privat veg: Kontakt grunneigar. Dersom du ikkje veit kven grunneigar er, kontakt Bjørnafjorden kommune på telefon 56 57 50 00