Bjørnavegen: Lysregulering og omlegging av gangtrafikk

Oppdatert: Lysregulering er utsatt til onsdag 14. april.


Arbeid i Bjørnavegen medfører lysregulering og omlegging av gangtrafikk.
Gåande og syklande vert oppmoda til å bruke gangvegen mellom Mardalsrenen og Auredalen, og unngå kryssområdet Bjørnavegen x Halhjemsmarka. Køyrande vert oppmoda til å berekne ekstra tid.

Klikk for stort bilete

Entreprenør Vestafjell AS utfører arbeid med legging av nye leidningar for vatn og avløp for Bjørnafjorden kommune. Gravearbeida starta i Vargavågen og vil fortsette vidare langs Bjørnavegen mot Auredalen. 

Arbeida i Bjørnavegen er forventa å vare til medio mai 2021.

Arbeida er del av investeringsprosjektet: Overføring avløp Halhjem RA - Kuhnlevika, der avløpsvatn frå Halhjem skal overførast til OHARA. 

Prosjektet i si heilheit vil pågå til sommaren 2022.

Hovedtrekk i framdrift:

November 2020 til april 2021:
Vargavågen, pumpeleidning og pumpestasjon
April 2021 til mai (medio) 2021:
Bjørnavegen, ny pumpeleidning, nye vannkummer/leidning i krysset Halhjemsmarka
Mai 2021 til januar 2022:
Auredalen, pumpeleidning og pumpestasjon, fjerning av eksisterande pumpestasjon
Januar 2022 til august 2022:                     
Ormadalen, omlegging grøfter og ombygging Halhjem Renseanlegg til pumpestasjon
 

Spørsmål kan rettast prosjektavdelinga v/Siril Langhelle

Til toppen