Borgavegen periodevis stengt fram til og med desember

Klikk for stort bileteI samband med utvidinga av Borgavegen, vil vegen mellom avkøyringa til Nordmarka og Hjellevegen vere tidvis stengt grunna sprenging og legging av nye leidningar.

Arbeidet vil pågå måndag til fredag, mellom klokka 7.30 og 15, frå måndag 10. august til og med desember 2020. 

Gåande og syklande kan passere anleggsområdet, men vi ber om at alle er forsiktige når dei er i nærleiken.
Kontaktperson er Nils Sylta, tlf. 971 78 599.

Bebuarar i det aktuelle området har fått varsel på telefon/SMS.

Til toppen