E39 Stord-Os: Statens vegvesen inviterer til digitalt informasjonsmøte

Klikk for stort bilete Fransisco Munoz / Os kommune Statens vegvesen inviterer til digitalt informasjonsmøte på YouTube, 20. oktober klokka 18-19, for å orientere om oppstart av arbeidet med reguleringsplan for E39 Stord-Os. Forslag til reguleringsplan skal etter planen sendast på høyring i 2022.

Vegvesenet vil orientere om prosjektet, arbeidet som no er i gang og om planfasen generelt. Du kan stille spørsmål til prosjektleiinga i kommentarfeltet under sendinga eller sende spørsmål på e-post før eller etter informasjonsmøtet.

Les meir på Vegvesenet sine nettsider

Til toppen