Meteorologisk institutt varslar om ekstremt høg vasstand

Klikk for stort bileteDet er venta ekstremt høg vasstand i Sunnhordland, Rogaland, Agder og Hardanger, medan det er venta svært høg vasstand for Møre og Romsdal, Vestland utanom Sunnhordland, Telemark, Vestfold, Østfold, Oslo, Akershus og Buskerud på onsdag. Meteorologisk institutt Meteorologisk institutt varslar om ekstremt høg vasstand (raudt nivå) for delar av fylket. Vasstanden er venta å vere på det høgaste mellom kl. 02 og 03 natt til onsdag 15. januar.

Den ekstremt høge vasstanden kan føre til flaum og overvatn mange stader, og fare for større øydeleggingar på infrastrukttur og bygningar i strandsona. Les om korleis du førebur deg på flaum på sikkerhverdag.no
Bjørnafjorden kommune ligg i grenselandet for varselet. Vi ber likevel alle om å vere føre var, og vurdere å ta båten opp på land og sikre lause gjenstandar inne i naust og i strandsona.

Sjå meir om varselet på varsom.no.

Til toppen