Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Drikkevatn i Bjørnafjorden kommune

Drikkevatnet i Bjørnafjorden kommune held god kvalitet og er trygt å drikke, så lenge vi ikkje melder om anna.
 

Krokavatnet, Steindalsvatnet og Søvikvatnet er drikkevasskjeldene i Os. Vatnet blir ført i røyr til anten Os Hovudvassverk eller Søvik vassverk, kor det blir reinsa for bakteriar og andre uønskte partiklar.

Vatnet må oppfylle drikkevassforskrifta sine krav til vasskvalitet.

Når varslar vi og korleis?

Vi informerer via heimesida, og varslar på SMS og telefon til berørte innbyggjarar i følgjande tilfelle:

  • Når vi stenger vatnet på grunn av vedlikehald og lekkasjar, både ved planlagt arbeid og i akutte tilfelle
  • Ved kokevarsel for drikkevatnet

Vi varslar planlagt stenging to dagar før. Akutte hendingar varslar vi så raskt vi kan.
Les meir om telefonvarsling

Når må du koke drikkevatnet?

Bjørnafjorden kommune tar vassprøver kvar veke for å sikre at alt vatn i springen din er trygt, klart og utan spesiell lukt, smak eller farge. 

Sjå prøveresultat for drikkevatnet i Os.

Dersom prøvene viser at vatnet ikkje er 100 prosent trygt, sender vi varsel via SMS og telefon om at drikkevatnet må kokast.

Dersom det oppstår brot i vassleidningar, slik at det er fare for forureining av vatnet, kan det òg vere at du får melding om å koke drikkevatnet fram til vi har fått svar på eventuelle bakterieprøver.

Vi sender ny melding når drikkevatnet er trygt igjen.
Informasjonen på bjornafjordenkommune.no vil bli løpande oppdatert i slike situasjonar.

Dersom vi sender ut kokevarsel, ber vi deg følgje Folkehelseinstituttet sine råd:
Kva skal du gjere når du får varsel om at drikkevatnet må kokast? (PDF, 72 kB)

Til toppen