Vasskvalitet i Bjørnafjorden kommune

Vi tar hyppige prøvar av drikkevatnet i Bjørnafjorden kommune.

 

Kvar kjem drikkevatnet vårt frå?

I Bjørnafjorden kommune har vi desse offentlege vassverka: 

  • Os vassverk med Os vassbehandlingsanlegg forsyner det aller meste av tidlegare Os kommune. Råvatnet til anlegget blir henta i Krokvatnet/Steindalsvatnet. Anlegget har dynasandfilter og UV-lampar som hovedreinseprosessar. Klor blir berre brukt i sjeldne tilfelle.
  • Søvik vassbehandlingsanlegg hentar råvatn frå Søvikvatnet, og forsyner Søvik og områda rundt. Anlegget behandlar vatnet ved bruk av klor og UV-lys.
  • Det offentlege vassverket forsyner Eikelandsosen og delar av Hålandsdalen opp til og med Holdhus. Vassverket har to vasskjelder med tilhøyrande reinseanlegg.
  • Helland vassbehandlingsanlegg får råvatn frå ei elv/oppkomme i ei steinur på Helland. Vatnet blir UV-behandla.
  • Skjelbreid vassbehandlingsanlegg får vatn frå to grunnvassbrønnar like ved Skjelbreidvatnet. Vatnet blir UV-behandla.
  •  Holmefjord vassbehandlingsanlegg er eit lite, kommunalt drive vassbehandlingsanlegg. Kjelda er ein grunnvassbrønn like nedanfor anlegget. Vatnet blir desinfisert med UV-lys.

Elles står desse private fellesvassverka for vassforsyninga i kommunen: 

  • Nordtveit vassverk forsyner husstandar frå Hjartnes til Hjartåker. Kjelde: Vetlevatnet. Les meir på Nordtveitvassverk.no
  • Baldersheim vassverk forsyner husstandar frå Revne til Solvang. Kjelde: Laugarvatnet
  • Sævareid vassverk forsyner husstandar i Sævareid. Kjelde: Laugarvatnet
  • Skjørsand og Fusa vassverk forsyner husstandar frå Skjørsand til og med Fusa-bygda. Kjelde: Skåtavatnet. Les meir på http://www.skjorsandogfusa.no/
  • Strandvik og Vinnes vassverk SA forsyner husstandar frå Vinnes til Håvik. Kjelde: Skåtavatnet. Les meir på https://sovv.no/ 
     

Kor hardt vatn har vi i Bjørnafjorden kommune?

Når vi snakkar om hardt eller blautt vatn, snakkar vi i hovudsak om innhaldet av det kjemiske stoffet kalsium (Ca). Det er mengda kalsium som avgjer kor hardt vatnet er.  I Os har vi generelt lite kalsium i drikkevatnet, vi har altså det vi kallar svært blautt vatn. I motsetnad til vatnet vårt, legg hardt vatn att eit kalkbelegg i til dømes glas og kaffitraktarar. Dette har du gjerne lagt merke til i andre europeiske land.

Det er gjort målingar av kalsiuminnhaldet på dei offentlege vassverka i kommunen. Resultata ser du i tabellen under.

 

Kor hardt er vatnet frå ditt vassverk?
Vassverk mg Ca/l dH° Blautt eller hardt?
Os vba 2 mg Ca/l 0,28 dH° Svært blautt vatn
Søvik vba 4 mg Ca/l 0,56 dH° Svært blautt vatn
Helland vba 3,6 mg Ca/l 0,50 dH° Svært blautt vatn
Skjelbreid vba 5,2 mg Ca/l 0,72 dH° Svært blautt vatn
Holmefjord vba 34 mg Ca/l 4,76 dH° Blautt vatn

 

Kvifor oppgir vi både mg Ca/l og dH°? 

I bruksanvisningar til vaskemaskiner og oppvaskmaskiner er kravet til kor hardt eller blautt vatnet bør vere ofte oppgitt i tyske hardheitsgrader (dH° ). Forholdet mellom  tyske hardleiksgrader (dH°) og kalsiuminnhald per liter (mg Ca/l) er 1dH° = 7,14 mg Ca/l.

I tabellen finn du oversikt over sammanhengen mellom dei ulike nemningane.

Nemningar for hardt/blautt vatn
Hardleiksklasse dH° (tyske hardkeiksgrader) mg Ca/l
Svært blautt vatn 0–2,1 0–15
Blautt vatn 2,1–4,9 15–35
Middels hardt vatn 4,9–9,8 35–70
Hardt vatn 9,8–21 70–150
Svært hardt vatn over 21 over 150

 

 

Månadlege prøveresultat frå Os:

2020

 

2019

2018 


2017

Vasskvalitet i januar 2017 (PDF, 203 kB)
Vasskvalitet februar 2017 (PDF, 204 kB)
Vasskvalitet mars 2017 (PDF, 202 kB)
Vasskvalitet april 2017 (PDF, 199 kB)
Vasskvalitet mai 2017 (PDF, 205 kB)
Vasskvalitet juni 2017 (PDF, 203 kB)
Vasskvalitet juli 2017 (PDF, 203 kB)
Vasskvalitet august 2017 (PDF, 201 kB)
Vasskvalitet september 2017 (PDF, 201 kB)
Vasskvalitet oktober 2017 (PDF, 86 kB)
Vasskvalitet november 2017 (XLSX, 16 kB)
Vasskvalitet desember 2017 (PDF, 83 kB)

2016

Vasskvalitet januar 2016 (PDF, 79 kB)
Vasskvalitet februar 2016 (PDF, 78 kB)
Vasskvalitet mars 2016 (XLSX, 13 kB)
Vasskvalitet april 2016 (XLSX, 15 kB)
Vasskvalitet mai 2016 (XLSX, 15 kB)
Vasskvalitet juni 2016 (PDF, 203 kB)
Vasskvalitet juli 2016 (PDF, 201 kB)
Vasskvalitet august 2016 (PDF, 208 kB)
Vasskvalitet september 2016 (PDF, 204 kB)
Vasskvalitet oktober 2016 (PDF, 203 kB)
Vasskvalitet november 2016 (PDF, 206 kB)
Vasskvalitet desember 2016 (PDF, 200 kB)

2015

Sjå prøveresultat for 2015

Til toppen