Informasjon til røyrleggarar og entreprenørar - slik gjer vi det i Bjørnafjorden kommune

Vi har laga denne oversikta for å gjere det lettare for dykk å arbeide i Bjørnafjorden kommune. Oversikta inneheld forskjellige krav til søknadsprosessane som gjeld her i kommunen.
 

Søknad om røyrleggarmelding/sanitærabonnement

Denne søknaden må du sende inn når det blir gjort røyrleggararbeid på ei adresse i Bjørnafjorden kommune. Det er berre røyrleggar på vegner av eit føretak registrert i Brønnøysundregisteret som kan søke om røyrleggarmelding

Her finn du digitalt søknadsskjema

Krav til søknaden

  • Korrekt utfylt digitalt søknadsskjema
  • Kart over private stikkleidningar og eventuelt tilknytingspunkt til kommunal leidning
  • Utsleppsløyve (viss eigedommen har privat avløp)
  • Skriftleg avtale dersom det blir påkopling til felles privatleidningar
  • Skriftleg avtale dersom leidningar eller privat avløpsanlegg kjem inn på annan manns eigedom

NB: alle næringsbygg skal ha vassmålar, alle nybygg (bustad, naust, fritidsbustad osb.) skal ha vassmålar viss igangsettingsløyve blei gitt etter 2016.

Informasjon og lenke til digitalt vassmålarskjema

Her finn du forskrifter og digitale søknadsskjema for VA  

Ta kontakt på e-post mbkj@bjornafjorden.kommune.no for informasjon om bestilling av vassmålar.

Ferdigmelding for VA-arbeid

Nå når eigedommen er tilknytt vatn eller avløp må du sende inn ferdigmelding for VA-arbeid. Arbeidet utvendig skal vere ferdig. Ferdigmeldinga skal vere godkjent før eit bygg får mellombels bruksløyve eller ferdigattest frå byggesaksavdelinga. Digitalt søknadsskjema er under utvikling. Dokumentasjon skal inntil vidare sendast til post@bjornafjorden.kommune.no og merkast med gnr./bnr eller saksnummer.

Krav til dokumentasjon:

  • Kart med innmålte leidningar, stoppekran skal vere innmålt frå hushjørne
  • Skriftlege avtalar skal vere tinglyste, og sendast inn til kommunen
  • Digitalt vassmålarskjema (på eigedommar som krev dette)
  • Vilkår i godkjent røyrleggarmelding må vere følgt

Merk at saksbehandlingstida for ferdigmelding er 3 veker. Ferdigmeldinga må vere sendt inn i god tid før søknad om mellombels bruksløyve eller ferdigattest på bygg.

Utsleppsløyve

Ved bygging av nybygg med innlagt vatn, bytting av anlegg eller endring av bruk (auka mengd) på eksisterande bygg, må du søke utsleppsløyve. Alle bygg med innlagt vatn skal ha godkjent utslepp. Ved byting eller etablering av anlegg må det søkast om nytt utsleppsløyve. Dette er fordi krava til reinsing eller dimensjon kan ha endra seg.

Krav til søknad:

  • Korrekt utfylt digitalt søknadsskjema
  • Nabovarsel
  • Kart over anlegget sin plassering
  • Kart over leidningar og prøvetakingskum
  • Profiltegning av infiltrasjonsgrøft eller grøft for etterpolering
  • Produktark/datablad for anlegget
  • Sintefgodkjenning dersom det skal settast ned minireinseanlegg

Merk at reinsekrava til mindre følsamt område berre gjeld når du kan etablere tett leidning til ein god sjøresipient. Dette er einaste gong slamavskiljar er godkjent.

Lokal forskrift om reinsekrav og sonekart over følsame område 

Merk at utsleppsløyve følger reinseanlegget og gjeld ikkje utsleppsleidningar.

Ved påkopling til felles utsleppsleidning må eigedommen ha eit eige utsleppsløyve og reinseanlegg.

Ved påkopling til felles reinseanlegg og utsleppsleidning må det føreligge skriftleg avtale om påkopling til anlegget. Anlegget må ha eit ledig utsleppsløyve for bygget, f.eks. dersom anlegget er godkjent for 12 bustader, men det berre er 10 påkopla. Då er det plass til to nye bustader.

Viss reinseanlegget er dimensjonert for 12 bustader, men har eit utsleppsløyve for 9 bustader, må bustad nr. 10−12 søke om utsleppsløyve.

Kontakt

Maria Bugge Kjær
Mobil: 954 33 024
Til toppen