Her finn du tappepunkt for vatn

Bjørnafjorden kommune har fire tappepunkt for større vassuttak. Desse tappepunkta skal gjere det enkelt og sikkert å ta ut vatn frå lediningsnettet.

 
 

Klikk for stort bileteHer finn du vasspostene:

-Gåsakilen pumpestasjon ved Storestraumen.

-Ådnadalen pumpestasjon, ved Ulvenvegen 340. 

-Vallebrua pumpestasjon/Hegglandsdalen.

-Halhjem ferjekai pumpestasjon.

På vasspostene er det ein vanleg nor kobling, men dei skal og vere utstyrt med eit lokk som gir mulighet for fylling med gardena kobling.

Vi tillet ikkje uttak frå brannhydrantar. Hydrantane har spesiallås, slik at dei berre er tilgjengelege for brannvesenet og teknisk personell i kommunen.

Gammalt tappepunkt i Industrivegen ved SIBI er ikkje lenger i drift.

Det er planlagt etablering av vasspost i sentrum Eikelandsosen i løpet av 2021.

 

Til toppen