Tømming av septiktank/slamavskiljar

Norva24 tømmer private septiktankar/slamavskiljarar på vegne av Bjørnafjorden kommune.

Kva er ditt ansvar som huseigar?

Dersom du har ein privat septiktank/slamavskiljar, har du ansvar for å halde anlegget i orden, jf. plan- og bygningslova. Dersom anlegget forureiner, har du som eigar plikt til å rydde opp. Kontroller slamavskiljaren og avrenningsrøyret med jamne mellomrom, slik at du unngår forureing eller oppsamling av kloakk inne i huset.

Kva er Bjørnafjorden kommune sitt ansvar?

Bjørnafjorden kommune er forureiningsmyndigheit  for mindre avløpsanlegg. Det vil seie at vi godkjenner og fører tilsyn med slamavskiljarar/septiktank. Vi kan når som helst ha tilsyn eller kontroll.
Norva24, som tømmer slamavskiljar/septiktankar på vegner av Bjørnafjorden kommune, følger opp at tømminga skjer med faste mellomrom. Dei gir beskjed nokre dagar før tømming, slik at slamavskiljaren er tilgjengeleg.

Bjørnafjorden kommune tar eit gebyr for å tømme private slamavskiljarar/septiktankar.

Skal du montere slamavskiljar?

Før du monterer eit minireinseanlegg eller privat slamavskiljar/septiktank, må du først få utsleppsløyve i samsvar med denne forskrifta. (PDF, 184 kB) 
Røyrleggarmelding må òg vere godkjent før arbeidet startar opp.

  • Krav til slamavskiljar for heilårsbustad er 4 m3, med avrenning i tett leidning til sjø eller infiltrasjon. Tømming skjer kvart andre år.
  • Krav til slamavskiljar for fritidsbustader er 4 m3, med avrenning i tett leidning til sjø eller infiltrasjon. Tømming skjer kvart fjerde år.

Norva24 utfører tømming på vegner av Bjørnafjorden kommune. Du kan kontakte dei på telefon 57 78 11 70 eller e-post slovag@norva24.no

Sjekk når tanken blei tømt sist

Gebyr ved tømming utanom ordinær tømmefrekvens

Du må betale eit gebyr dersom bustaden, fritidsbustaden eller bygget har blitt brukt oftare enn planlagt i ein periode og må ha ei ekstra tømming utanom ordinær tømmerunde. Det er eitt gebyr per bueining.

For at satsen for ekstragebyr skal gjelde, må bustaden, fritidsbustaden eller bygget elles vere på ordinær tømmerunde, anlegget må vere registrert i kommunen sitt system, og eigaren må ha betalt ordinært slamtømmingsgebyr.

Eigar må sjølv bestille ekstratømming frå Norva24 og betale heile beløpet dei krev inn dersom

  • det private anlegget i bustaden, fritidsbustaden eller bygget ikkje er registrert i kommunen sitt system
  • eigar ikkje har betalt ordinært slamtømmingsgebyr
  • anlegget ikkje har vore tømt grunna avvik i tanken

Har du spørsmål om gebyr ved ekstra tømming, eller om anlegget ditt? Send ein e-post til mbkj@bjornafjorden.kommune.no

Her finn du informasjon om korleis du går fram for å registrere slamavskiljar i fritidsbustad. 

Til toppen