Treng du nokon å snakke med?

Er du engsteleg eller bekymra? 
Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Bjørnafjorden kommune sin støttetelefon på 906 50 885 eller chat med oss

Har du spørsmål om korona?
Ring smitteverntelefonen vår på 56 57 57 57 eller send e-post til smittevern@bjornafjorden.kommune.no

Er du sjuk og treng legehjelp?
Kontakt fastlegen din. Har du behov for akutt helsehjelp og ikkje får kontakt med fastlegen, ring legevaktsentralen 116117

Informasjon om koronavirus-situasjonen i Bjørnafjorden finn du på bjornafjorden.kommune.no/koronavirus

På helsenorge.no finn du oppdatert informasjon, fakta, råd og tiltak. Read advice and information in English about the coronavirus COVID-19


Oversikt over kommunale tenester og tilbod i Bjørnafjorden i koronaperioden

 

Vassmålar

Storleiken på bustaden din avgjer kor mykje du må betale i vass- og avløpsgebyr.
Bur du til dømes åleine i ein stor bustad, eller brukar svært lite vatn, kan det lønne seg å installere ein vassmålar på vassinntaket ditt. Med ein vassmålar betaler du gebyr basert på mengda vatn du brukar, ikkje storleiken på bustaden. 

Alle nybygg, både bustader, industribygg og fritidsbustader, skal installere vassmålar og betale vassgebyr etter målt forbruk.

Slik går du fram for å få vassmålar

Ta kontakt med ein godkjent røyrleggar. Til vi får på plass ny avtale om uthenting av vassmålarar på både Fusa-sida og Os-sida av fjorden, gjer vi det slik av røyrleggjaren som skal montere målaren sjølv leverer målaren og fakturerer kommunen for den. Så må røyrleggaren registrere målaren ved å melde inn på skjemaet som ligg lenger nede på denne sida, og sende det til post@bjornafjorden.kommune.no

Når registreringa er godkjent, vil vi kunne endre grunnlag for ­­­utrekning av vassgebyr.

Faktura for kommunale gebyr (vassgebyr) til deg som har vassmålar

Dersom du har vassmålar, blir du fakturert akonto. Det vil seie at vi sender deg faktura for eit stipulert forbruk. På slutten av året sender du oss målarstanden på vassmålaren, og vi samanliknar det reelle forbruket mot beløpet du har betalt. Dersom du har betalt for mykje i høve til forbruket, får du tilbakebetalt. Dersom du har betalt for lite, må du betale inn meir.

Slik sender du oss målarstand

Send målarstand for vassmålaren på e-post 

Dersom du nettopp har installert vassmålar, blir akonto-beløpet stipulert på bakgrunn av areal, sidan vi ikkje har tidlegare avlesingar å stipulere ut ifrå. Ved avlesing på slutten av året, vil forbruket bli grunnlag for neste års akonto-utrekning.
Her kan du sjå oversikt over dei ulike gebyrsatsane og ofte stilte spørsmål om kommunale gebyr.

Til røyrleggarar

Til toppen