Klypp hekken

Buskar, hekkar og tre på din eigedom skal ikkje vekse ut over fortau og veg. Dette skjer mange stader i løpet av sommarmånadane. 
Små barn på skuleveg blir lett usynlege bak store hekkar og buskar. Før skulestart om hausten er det difor ekstra viktig at du har rydda vegetasjon som veks ut mot fortau eller veg, slik at ingen mjuke trafikantar blir tvungne ut i vegbanen.
Ved kryss og avkøyrslar skal hekkar og buskar ikkje vere høgare enn ein halv meter.

Rydding av vegetasjon

Sikt og framkome må vere god langs vegar, gater og fortau. Dersom eigedomen din grensar mot fortau eller veg, er det ditt ansvar å klyppe hekken/rydde vegetasjon som veks ut mot fortauet eller vegen.
Dersom du som grunneigar ikkje følgjer opp ansvaret ditt, vil vi i kommunen sende deg eit varsel med frist for når dette må vere utført. 
Dersom du framleis ikkje ser til at arbeidet blir utført, vil Bjørnafjorden kommune gjere jobben ved hjelp av mekanisk reiskap og på grunneigars rekning.

Her finn du meir informasjon om lovar, reglar og grunneigars ansvar (PDF, 3 MB)

Reglar for trafikksikker vegetasjon

  • Klypp hekkar og buskar slik at de ikkje veks ut over eiegndomsgrensa di.
  • Ved kryss, avkøyrsel og svingar som krev fri sikt, skal vegetasjonen ikkje vere høgare enn 50 cm. Også når det har kome snø. Små barn rundt hjørnet må vere synlege for bilistar og syklistar.
  • Fotgjengarar, rullestolbrukarar, syklistar og andre må ikkje bli tvungne ut i vegbanen på grunn av vegetasjon.
  • Hekkar, buskar og tre skal ikke skjule trafikkskilt, vegnamnskilt, signalanlegg eller gatelys.
  • Trafikantar, utrykningskøyretøy, renovasjonsbilar og vedlikehaldsmaskiner må ikkje bli hindra av greiner eller vegetasjon som gjer vegen smalare.
  • Greiner frå tre over fortau, gang- og sykkelveg og sykkelfelt må henge minst 3,0 meter over bakken. Fri høgde over kjøreveg skal vere minst 5 meter. 
  • Du må rydde opp greiner som knekk og fell ned, og etter at du har klypt hekken.

Kva med kommunen sine hekkar og buskar?

Av og til må vi i kommunen tipsast om at vegetasjonen langs kommunale vegar og fortau må klyppast. Her kan du melde frå om vegetasjon som bør ryddast opp i. Takk for hjelpa! 

Dersom vegetasjonen er langs ein veg som er Statens vegvesen eller Vestland fylkeskommune sitt ansvar, sender vi meldinga vidare til dei. 

Til toppen