Vegvedlikehald

Kommunen har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar.

Statens vegvesen har ansvar for riksvegar, og Vestland fylkeskommune har ansvar for fylkesvegar.

Her kan du sjølv sjekke kven som har ansvar for vegen Dersom vegkoden begynner på KV, er det kommunal veg. Andre kodar: PV står for privat veg, FV er fylkesveg og EV er Europa-veg.  

Kommunen har ansvar for å vedlikehalde køyrebane, sideområde, skråningar og dreneringssystem.

Meld frå om feil og manglar 

Oppgåver

  • Feiing og reinhald
  • Legging av nytt vegdekke
  • Rydding av vegetasjon
  • Rydding for veglys
  • Vegoppmerking og skilting
  • Brøyting og strøing

 

 

 

Til toppen