Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
 

Her finn du tappepunkt for vatn

Bjørnafjorden kommune har tre tappepunkt for større vassuttak. Desse tappepunkta skal gjere det enkelt og sikkert å ta ut vatn frå lediningsnettet.

 
 

Klikk for stort bilete Vasspostane er plasserte på Gåsakilen pumpestasjon ved Storestraumen og på Ådnadalen pumpestasjon, ved Ulvenvegen 340.  I tillegg kan du hente ut vatn frå vasspost ved pumpestasjonen på Halhjem fergekai.

Vi tillet ikkje uttak frå brannhydrantar. Hydrantane har spesiallås, slik at dei berre er tilgjengelege for brannvesenet og teknisk personell i kommunen.

Gammalt tappepunkt i Industrivegen ved SIBI er ikkje lenger i drift.

Vi har klargjort for eit tappepunkt ved Vallebrua i Hegglandsdalen, men dette er førebels ikkje i drift. 

Til toppen