Vi beklagar at alt ikkje er på plass enno....

Tekniske utfordringar gjer at du dessverre ikkje får opp telefonnummer når du søker etter tilsette i Bjørnafjorden kommune, berre e-postadresse. Ring sentralbordet på 56 57 50 00 for å bli sett over.
Nokre av søknadsskjemaa er heller ikkje på plass enno. Vi beklagar, og jobbar så raskt vi kan for å få alt til å fungere som det skal. Hastar det? Send ein e-post 

Vassmålar

Storleiken på bustaden din avgjer kor mykje du må betala i vass- og avløpsgebyr.
Bur du til dømes åleine i ein stor bustad, eller brukar svært lite vatn, kan det løna seg å installera ein vassmålar på vassinntaket ditt. Med ein vassmålar betaler du gebyr basert på mengda vatn du brukar, ikkje storleiken på bustaden. Dersom det bur to eller fleire i ein bustad, er vassmålar sjeldan lønsamt.

Alle nybygg, både bustader, industribygg og fritidsbustader, skal installera vassmålar og betala vassgebyr etter målt forbruk.

Registrering av ny vassmålar

Bjørnafjorden kommune betaler for sjølve vassmålaren, medan du må betale for installasjonen.
Ein godkjent røyrleggjar må utføre arbeidet, fylle ut registreringsskjemaet for installasjon av vassmålar og sende det til Bjørnafjorden kommune.

Når registreringa er godkjent, vil vi kunne endre grunnlag for utrekning av vassgebyr.

Faktura for kommunale gebyr (vassgebyr) til deg som har vassmålar

Dersom du har vassmålar, blir du fakturert akonto. Det vil seie at vi sender deg faktura for eit stipulert forbruk. På slutten av året sender du oss målarstanden på vassmålaren, og vi samanliknar det reelle forbruket mot beløpet du har betalt. Dersom du har betalt for mykje i høve til forbruket, får du tilbakebetalt. Dersom du har betalt for lite, må du betale inn meir.

Dersom du nettopp har installert vassmålar, blir akonto-beløpet stipulert på bakgrunn av areal, sidan vi ikkje har tidlegare avlesingar å stipulere ut ifrå. Ved avlesing på slutten av året, vil forbruket bli grunnlag for neste års akonto-utrekning.
Her kan du sjå oversikt over dei ulike gebyrsatsane og ofte stilte spørsmål om kommunale gebyr.

Til røyrleggarar

  • Installasjon skal inntil vidare skje i samsvar med Os kommune sin rettleiar for installasjon av vassmålar (PDF, 362 kB).

  • Kommunen sender rekvisisjon for uthenting av vassmålar ved godkjenning av røyrleggarmelding.

  • Vassmålar hentast i NoRør-butikken. Konsoll, tilbakeslagsventil, filter og kranar blir levert av røyrleggar.

  • Dimensjonane ¾” – 1” – 1 ½” vil normalt ligga på lager. Andre dimensjonar må bestillast seinast to dagar før henting.

  • Skjema for registrering av vassmålar (PDF, 289 kB) må sendast til postmottak@bjornafjorden.kommune.no etter montering, som vedlegg til ferdigmelding.

Til toppen