Publisert 08.02.2023

Det er lokalisert eit vassleidningsbrot midt i Byvegen i Os sentrum (nær Os Elektro). 

Vegen vil derfor vere stengt medan Bergen Vann reparerer brotet, frå klokka 16.30 onsdag 8. februar og fram til skaden er utbetra.

 

Publisert 08.02.2023

Vi har to akutte vassleidningsbrot i Os sentrum. Utbetring er i gong. Dei avmerka områdene i Midtskogvegen og Byvegen på karta, vil vere utan vatn til brota er utbedra. Vi anbefaler alle som har vore utan vatn å koke vatn til drikke og  mat når vatnet kjem att.

Ei vassvogn er satt ut ved Midtskogvegen 12, og  ei ved Byvegen 76.

Publisert 03.02.2023

Grunna utbetring av vasslekkasje, vil det bli brot i vassforsyninga i Midtbøvegen, deler av Hatvikvegen, Bjånesvegen og Bøvegen, mandag den 06.februar, frå kl 10:00 til 15:00. Midtbøvegen vil også bli stengt for gjennomkjøring ved nummer 26 frå kl 09:00. Det er mogelegheit for midlertidig utkøyring mellom Midtbøvegen nummer 48 og 50.

Oppdatert 06.02. kl 14:30:  Arbeidet tek lenger tid enn forventa, og vasstenginga blir utvida utover ettermiddagen. Vasspost for uttak av drikkevatn blir oppretta i krysset mellom Hegglandsdalen og Hatvikvegen. Når  arbeidet er avslutta, og vatnet kjem attende, anbefaler vi at alt vatn som skal brukes til drikke, mat og tannpuss kokast før bruk. Kokeanbefalinga er sendt via SMS til dei råka.

Oppdatert 08.02 kl 10:30: Kokeanbefalinga er oppheva. 

Publisert 31.01.2023

Grunna arbeid, kan det bli driftsforstyrrelser, med korte brot i vassforsyninga, i deler av Midtbøvegen, Bøvegen, Hatvikvegen og Bjånesvegen, torsdag den 02,februar, frå kl 09:00 til 12:00.

Oppdatert kl 10:30: Ny  oppdatert melding er sendt ut. Råka område er blitt noke utvida, grunna problem med stengeventil.  Tida  for arbeidet er og dermed varsla  å vare litt lenger, fram til  ca kl 14:00.

Publisert 31.01.2023

Grunna arbeid, kan det bli driftsforstyrrelser, med korte brot i vassforsyning, i deler av Strønevegen fredag den 03.februar, frå kl 09:00 til kl 12:00 eller til arbeidet er ferdig.

Publisert 28.01.2023

Grunna varsla  store nedbørsmengder blir Søvikåsen stengt, lørdag den 28.januar, frå kl 23:45. Åpning vurderes utover morgondagen.

Publisert 26.01.2023

Grunna arbeid, vil det bli stengt vatn i deler av Gymnasvegen og Granlia, fredag den 27.januar, frå kl 09:00 til kl 15:00 eller til arbeidet er ferdig.

Publisert 24.01.2023

Bjørnafjorden kommune og Entreprenør Fyllingen Maskin informerer om status og framdrift for arbeida i Landboden. Sjå kart og tekst.

 

Publisert 20.01.2023

Bjørnafjorden kommune skal starte arbeid med legging av ny vassleidning og bygging av fortau i Gymnasvegen.

Gymnasvegen vert derfor stengt for gjennomkøyring mellom nr. 90 og nr. 111 frå mandag 23. januar.  

Tilkomst til eigedomane vert oppretthaldt med innkøyring enten frå Idrettsvegen eller frå Byvegen.

Følg skilting.

Gåande kan passere. 

Kontaktperson på prosjektavdelinga: Kjetil Vikane

 

Publisert 16.01.2023

Grunna arbeid med vasslekkasje, vil det bli stengt vatn i deler av Strønevegen, tirsdag den 17.januar, frå kl 09:00 til kl 15:00, eller til arbeidet er ferdig.

Til toppen