Kva er Bjørnafjorden kommune sitt ansvar?
Bjørnafjorden kommune er forureiningsmyndigheit for mindre avløpsanlegg. Det vil seie at vi godkjenner og fører tilsyn med mindre avløpsanlegg av sanitært avløpsvatn frå bustader, hytter og liknande. Vi kan når som helst ha tilsyn eller kontroll.
Norva24, som tømmer mindre avløpanlegg som slamavskiljar/septiktankar på vegner av Bjørnafjorden kommune, følger opp at tømminga skjer med faste mellomrom. Dei gir beskjed nokre dagar før tømming, slik at slamavskiljaren er tilgjengeleg.
Kva er ditt ansvar som anleggseigar?
Reinseanlegget skal dimensjonerast, byggast, vert driven og vedlikehalden slik at det har tilstrekkeleg yteevne under alle klimatiske forhold. Dersom anlegget forureinar, har du som eigar plikt til å rydde opp.
Minireinseanlegg skal vere driven og vedlikehalden i medhald av skriftleg drifts- og vedlikehaldsavtale. Slamavskiljarar tilknytt heilårsbustad eller fritidsbustad skal tømmast helt for slam etter behov, ikkje sjeldnare enn høvesvis kvart andre og fjerde år.
Som anleggseigar må du:
• Syte for at anlegget har gyldig utsleppsløyve
• Setje deg inn i utsleppsløyvet frå kommunen. Her ligg relevant informasjon og vilkår som gjeld ditt anlegg.
• Sikre alle lokk på en tilfredsstillande måte.
• Overføre rettigheitar og pliktar til ny eigar ved sal av eigedom.
• Sørgje for å ha relevant dokumentasjon om anlegget ved tilsyn frå kommunen.
• Sørgje for skriftleg og tinglyst avtale for fellesanlegg og anlegg på annan manns grunn.
Dersom du har ein privat septiktank/slamavskiljar, har du ansvar for å halde anlegget i orden, jf. plan- og bygningslova. Dersom anlegget forureiner, har du som eigar plikt til å rydde opp. Kontroller slamavskiljaren og avrenningsrøyret med jamne mellomrom, slik at du unngår forureing eller oppsamling av kloakk inne i huset.