Kvar kjem drikkevatnet vårt frå?
I Bjørnafjorden kommune har vi desse offentlege vassverka:
- Os vassverk med Os vassbehandlingsanlegg forsyner det aller meste av tidlegare Os kommune. Råvatnet til anlegget blir henta i Krokvatnet/Steindalsvatnet. Anlegget har dynasandfilter og UV-lampar som hovedreinseprosessar. Klor blir berre brukt i sjeldne tilfelle.
- Søvik vassbehandlingsanlegg hentar råvatn frå Søvikvatnet, og forsyner Søvik og områda rundt. Anlegget behandlar vatnet ved bruk av klor og UV-lys.
- Det offentlege vassverket forsyner Eikelandsosen og delar av Hålandsdalen opp til og med Holdhus. Vassverket har to vasskjelder med tilhøyrande reinseanlegg.
- Helland vassbehandlingsanlegg får råvatn frå ei elv/oppkomme i ei steinur på Helland. Vatnet blir UV-behandla.
- Skjelbreid vassbehandlingsanlegg får vatn frå to grunnvassbrønnar like ved Skjelbreidvatnet. Vatnet blir UV-behandla.
- Holmefjord vassbehandlingsanlegg er eit lite, kommunalt drive vassbehandlingsanlegg. Kjelda er ein grunnvassbrønn like nedanfor anlegget. Vatnet blir desinfisert med UV-lys.
Elles står desse private fellesvassverka for vassforsyninga i kommunen:
- Nordtveit vassverk forsyner husstandar frå Hjartnes til Hjartåker. Kjelde: Vetlevatnet. Les meir på Nordtveitvassverk.no
- Baldersheim vassverk forsyner husstandar frå Revne til Solvang. Kjelde: Laugarvatnet
- Sævareid vassverk forsyner husstandar i Sævareid. Kjelde: Laugarvatnet
- Skjørsand og Fusa vassverk forsyner husstandar frå Skjørsand til og med Fusa-bygda. Kjelde: Skåtavatnet. Les meir på http://www.skjorsandogfusa.no/
- Strandvik og Vinnes vassverk SA forsyner husstandar frå Vinnes til Håvik. Kjelde: Skåtavatnet. Les meir på https://sovv.no/
Kor hardt vatn har vi i Bjørnafjorden kommune?
Når vi snakkar om hardt eller blautt vatn, snakkar vi i hovudsak om innhaldet av det kjemiske stoffet kalsium (Ca). Det er mengda kalsium som avgjer kor hardt vatnet er. I Os har vi generelt lite kalsium i drikkevatnet, vi har altså det vi kallar svært blautt vatn. I motsetnad til vatnet vårt, legg hardt vatn att eit kalkbelegg i til dømes glas og kaffitraktarar. Dette har du gjerne lagt merke til i andre europeiske land.
Det er gjort målingar av kalsiuminnhaldet på dei offentlege vassverka i kommunen. Resultata ser du i tabellen under.
Kvifor oppgir vi både mg Ca/l og dH°?
I bruksanvisningar til vaskemaskiner og oppvaskmaskiner er kravet til kor hardt eller blautt vatnet bør vere ofte oppgitt i tyske hardheitsgrader (dH° ). Forholdet mellom tyske hardleiksgrader (dH°) og kalsiuminnhald per liter (mg Ca/l) er 1dH° = 7,14 mg Ca/l.
I tabellen finn du oversikt over sammanhengen mellom dei ulike nemningane.
Månadlege prøveresultat frå Bjørnafjorden:
2022
Vasskvalitet januar 2022 (XLSX, 35 kB)
Vasskvalitet februar 2022 (XLSX, 34 kB)
Vasskvalitet mars 2022 (XLSX, 35 kB)
Vasskvalitet april 2022 (XLSX, 35 kB)
Vasskvalitet mai 2022 (XLSX, 36 kB)
Vasskvalitet juni 2022 (XLSX, 35 kB)
Vasskvalitet juli 2022 (XLSX, 40 kB)
Vasskvalitet august 2022 (XLSX, 41 kB)
Vasskvalitet september 2022 (XLSX, 239 kB)
Vasskvalitet oktober 2022 (XLSX, 41 kB)
Vasskvalitet november 2022 (XLSX, 36 kB)
Vasskvalitet desember 2022 (XLSX, 35 kB)
2021
Vasskvalitet januar 2021 (XLSX, 42 kB)
Vasskvalitet februar 2021 (XLSX, 40 kB)
Vasskvalitet mars 2021 (XLSX, 42 kB)
Vasskvalitet april 2021 (XLSX, 41 kB)
Vasskvalitet mai 2021 (XLSX, 43 kB)
Vasskvalitet juni 2021 (XLSX, 38 kB)
Vasskvalitet juli 2021 (XLSX, 37 kB)
Vasskvalitet august 2021 (XLSX, 35 kB)
Vasskvalitet september 2021 (XLSX, 33 kB)
Vasskvalitet oktober 2021 (XLSX, 34 kB)
Vasskvalitet november 2021 (XLSX, 35 kB)
Vasskvalitet desember 2021 (XLSX, 35 kB)
2020
2019
2018
2017
Vasskvalitet i januar 2017
Vasskvalitet februar 2017
Vasskvalitet mars 2017
Vasskvalitet april 2017 (PDF, 199 kB)
Vasskvalitet mai 2017
Vasskvalitet juni 2017
Vasskvalitet juli 2017
Vasskvalitet august 2017
Vasskvalitet september 2017
Vasskvalitet oktober 2017
Vasskvalitet november 2017
Vasskvalitet desember 2017
2016
Vasskvalitet januar 2016
Vasskvalitet februar 2016
Vasskvalitet mars 2016
Vasskvalitet april 2016
Vasskvalitet mai 2016
Vasskvalitet juni 2016
Vasskvalitet juli 2016
Vasskvalitet august 2016
Vasskvalitet september 2016
Vasskvalitet oktober 2016
Vasskvalitet november 2016 (PDF, 206 kB)
Vasskvalitet desember 2016
2015
Sjå prøveresultat for 2015