El-sparkesyklar i Bjørnafjorden kommune

Eit firma har inngått avtale med Bjørnafjorden kommune om å leige ut elektriske sparkesyklar på offentleg grunn. Selskapet heiter Citiride, og utplasserar 50 sparkesyklar i første omgang i mai 2022.

Bjørnafjorden kommune ønskjer å legge til rette for trygg og positiv bruk av el-sparkesyklane.

Sjå kor du kan køyre og parkere

I det markerte området virkar el-sparkesyklane (geofence)

 

Parkeringsplassar

Parkeringsplass AMFI Os bak busstopp Byvegen nord.  Parkeringsplass Cricle K, Os sentrum.  Parkering Giskavollen, Os sentrum. Parkering Osbadet, Kuventræ idrettspark. Parkeringsplass ved Oseana, ved sykkelparkering i undergang ved bilparkering. Parkering ved pendlarparkeringa ved Kiwi Idrettsvegen. 

Køyring forbode med el-sparkesykkel
  • Borgafjellet barneskule 
  • Halhjem fergekai
  • Kuventræ barneskule 
  • Kuventræ gravplass
  • Lunde barneskule 
  • Nore Neset barneskule 
  • Os barneskule 
  • Oseana kunst- og kultursenter
  • Pump Track, Osøyro
  • Strandvegen
  • Søfteland barneskule 
  • Os kyrkje
  • Nore Neset kyrkje
Saktesone (maks. 5 km/t)
  • AMFI Os, parkeringsplass
  • Kuventræ idrettspark
  • Leikeplass på Røde Kors-tomta og utanfor Giskavollen parkeringshus
  • Nore Neset ungdomsskule
  • Os ungdomsskule
  • Området rundt Søfteland barneskule
  • Osøyro/Os sentrum

Du brukar syklane ved å laste ned ein app på telefonen og følgje dei vidare instruksjonane frå leverandøren.

Kontakt leverandørar 

Citiride
Sjå heimesida til Citiride

Citiride leiger ut el-sparkesyklar i Bjørnafjorden kommune frå mai 2022.

For spørsmål eller klage på registrering i ap, bruk, betaling eller plassering, kontakt Citiride på telefon 919 27 774 eller post@citiride.no

Slik melder du frå om el-sparkesyklar på avvege

Leverandøren har forplikta seg til å hente inn og plassere sparkesyklar kvar dag. Dette inneber å frakte syklane til lading på lager og hente syklar som skal til reparasjon. Dersom du ser sparkesyklar der dei ikkje skal vere eller som ligg slengt, er det fint om du gir beskjed.

Klikk her for å melde frå om sparkesyklar på avvege
Slik går du fram:

1. Vel "Meld inn ny sak" og trykk på "EL-sparkesykkel". 
2. Vel "El-sparkesykkel feilparkert" og merk av i kartet kor sparkesykkelen er.

Du kan legge ved bilete og utfyllande kommentar. Dersom du ønskjer tilbakemelding på kva som skjer med saka, må du oppgi e-postadressa di.

Råd og reglar til leverandøren og deg som brukar sparkesyklane

Krav til utleigarane og sparkesyklane

Retningslinjene utleigarane har godtatt seier mellom anna at:

  • El-sparkesyklane skal vere deaktiverte, og dermed ikkje moglege å bruke, mellom midnatt og kl. 5.
  • Syklane skal ikkje vere utplasserte når det er fare for snø eller is.
  • Syklane skal vere utstyrte med teknologi for å kunne avgrense bruken av syklane geografisk (geofencing), for eksempel rundt skular, på kyrkjegardar og på kaianlegg.
  • Syklene skal vere utstyrte etter dei krava som lovverket stiller til syklar, med blant anna bremser, ringeklokke og lys framme og bak.
  • Leverandøren forpliktar seg til å følgje avgrensingane for utleige og bruk, og fortløpande innarbeide justeringar kommunen bestemmer.
  • Leverandøren skal informere kundane om trafikkreglane og korleis syklane skal brukast på ein trygg måte.
  • Leverandøren skal instruere brukarane om korleis syklane skal parkerast, slik at det blir god plass for gåande, rullestolbrukarar, barnevogner og andre å passere.
  • Leverandøren skal sjølv følgje trafikkreglane i drifta av tenesta. For eksempel skal bilar som blir brukte i drifta ikkje stanse i sykkelfelt og på fortau.
  • Leverandøren skal fortløpande fjerne øydelagte og defekte syklar, rydde vekk syklar som hindrar anna ferdsel og fjerne syklar som er forlatt i sjøen, i parkar, i friområde, på strender og andre stader der sparkesyklane ikkje skal vere.
Reglar og råd for deg som brukar sparkesykkel

Regjeringa har ei eiga nettside med reglar og tips for deg som brukar sparkesykkel

Du må spesielt passe på dette:

  • Set frå deg sparkesykkelen slik at han ikkje er i vegen for andre, for eksempel blinde og svaksynte, og dei som brukar rullestol.
  • Hugs at den elektriske sparkesykkelen så og seie er lydlaus, ingen høyrer at du kjem.
  • Barn kan svinse hit og dit på fortau og gangvegar, du må seinke farten når du passerer dei.
  • Du må ikkje bruke nokon form for sykkel når du har drukke alkohol.
  • Bruk hjelm! Ta med sykkelhjelm heimefrå når du har planlagt å bruke sparkesykkel.

Sjå også:

Regler for kjøring med elsparkesykkel | Statens vegvesen

Kva er kommunen si rolle i dette?

Bjørnafjorden kommune jobbar med ei ny lokal forskrift for utleige av el-sparkesyklar frå kommunal grunn. Denne forskrifta vil truleg komme opp til politisk behandling sommaren 2022. 

Fram til forskrifta er vedteke ligg følgande avtale til grunn for utleige av elsparkesyklar.  (PDF, 153 kB)

Stortingen vedtok ei lov om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn i juni i fjor. Dette opnar for at kommunane kan vedta eigne lokale forskrifter.

Dei nye reglane i vegtrafikklova gir kommunen betre heimel for å trafikkregulere bruk av el-sparkesyklar, og eit betre rettsgrunnlag for å lage kommunale reglar. Dette gjeld både trafikkregulering og reglar for utleige av el-sparkesyklar på offentleg grunn.

Til toppen