-
10. oktober 2025
Velkommen til folkemøte om kommuneplanen sin arealdel (KPA)
I samband med oppstart av kommuneplanen sin arealdel (KPA) for Bjørnafjorden kommune 2027-2038, inviterer vi til folkemøte på begge sider av fjorden.
-
09. oktober 2025
Kom gjerne innom og lån mange bøker før biblioteket flyttar!
Bjørnafjorden bibliotek si avdeling i Eikelandsosen har siste opningsdag i Kommunetunet laurdag 18. oktober. Tysdag 4. november er du velkommen i dei nye lokala våre i Fjord'n senter.
-
09. oktober 2025
Er du i målgruppa for vaksine mot influensa, korona eller pneumokokksjukdom? No kan du bestille vaksine
Vaksine mot influensa, korona og pneumokokksjukdom er eit tilbod i vaksenvaksinasjonsprogrammet (VVP). Haustens vaksinasjonsprogram startar opp i Bjørnafjorden kommune 15. oktober 2025.Bestill vaksine hos fastlegen din eller på eitt av dei tre apoteka som samarbeider med kommunen om vaksinasjon.
-
09. oktober 2025
Legar i nordsjøturnus blei løysinga i Eikelandsosen
For få år sidan var det nærmast umogleg å rekruttere nye fastlegar til det kommunale legekontoret i Eikelandsosen. Løysinga blei tre legar i nordsjøturnus som deler på legevakt – og no òg på å vere fastlegar for ei fellesliste av pasientar. – Vi måtte tenke nytt. No har vi både stabil vaktdekning og fastlegedekning i Eikelandsosen, seier avdelingsleiar for legetenester i Bjørnafjorden kommune, Desiree Lange.