Send faktura til Bjørnafjorden kommuneSkal du sende faktura til Bjørnafjorden kommune, må fakturaen følge retningslinene våre.Alle fakturaer til Bjørnafjorden kommune skal sendast i elektronisk handelsformat (EHF).Dette er i samsvar med forskrift om elektronisk faktura i offentlige anskaffelser § 5.Kommunen følger DFØ sine retningsliner for EHF-faktura.Fakturainnhald skal vere i samsvar med gjeldande norske lover og forskrifter på området.Faktura som bryt retningslinjene våre, blir ikkje rekna som mottatt. FakturaadresseDen elektroniske fakturaadressa (EHF) til verksemda er organisasjonsnummeret til Bjørnafjorden kommune: 844458312Faktura skal alltid stilast til kommunen sitt namn og postadresse, ikkje til ei bestemt eining.PostadresseBjørnafjorden kommunePostboks 245649 EikelandsosenMerk at informasjon som for eksempl namn på eining eller avdeling ikkje skal stå som mottakar. Du kan eventuelt legge det inn som ei tilleggsopplysning.Slik merkar du faktura til kommunen med ressursnummerRessursnummer Faktura til Bjørnafjorden kommune skal alltid merkast med eit femsifra ressursnummer. Ressursnummer får du av den i Bjørnafjorden kommune som bestiller ei vare eller teneste. Eksempel på ressursnummer: 12001 Referansenummer Referansenummer skal stå i feltet «Deres ref.» eller «Buyer Reference» i EHF fakturaen.Feltet skal berre innehalde det femsifra ressursnummeret, utan tekst eller mellomrom. Namn på bestillarNamn på bestiller kan leggast inn i feltet «Contact» i EHF fakturaen.BetalingsfristBjørnafjorden kommune har ein standard betalingsfrist på 30 dagar, så sant det ikkje er gjort skriftleg avtale om annan frist. Kortare betalingsfrist blir ikkje godtatt, og renter eller gebyr blir ikkje betalt. Personspesifikk fakturaEr du leverandør og skal sende en faktura til kommunen som gjeld ein innbyggar som brukar tenestene våre, har vi nokre retningsliner som du må følge.Faktura for tenester levert til ein konkret brukar av kommunale tenester skal adresserast til Bjørnafjorden kommune og utformast i samsvar med gjeldande reglar for personvern. Før du sender faktura, må du alltid avklare med eininga som har bestilt tenesta du leverer.Utanlandske leverandørarUtanlandske leverandørar må, på lik linje med norske leverandørar, sende EHF-faktura.Leverandøren skal bruke PEPPOL BIS 3.0 for å sende elektronisk faktura eller kreditnota til offentlege verksemder i Noreg.Faktura må innehalde nødvendige opplysningar for internasjonal betaling, inkludert:IBAN-nummerBIC/SWIFT-kodeValuta fakturaen skal betalast iDesse opplysningane kjem i tillegg til dei generelle krava som gjeld for alle fakturaer.For bedrifter som ikkje har eige fakturasystemNokre små/mellomstore bedrifter har ikkje eige fakturasystem som kan produsere elektronisk faktura direkte. Alternativet er då å registrere faktura i en nettbasert fakturaportal eller via eigen nettbank. Her finn du en oversikt over fakturasystem som kan levere Elektronisk handelsformat (EHF) | Anskaffelser.no Publisert 08.10.2025 14:48 Sist endra 08.10.2025 14:54