Søk parkeringsløyve for forflyttingshemma

Parkeringsløyvet skal vere eit hjelpemiddel for personar som grunna vesentleg rørslehemming har eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader.

For å få parkeringsløyve er det ikkje tilstrekkeleg å påvise ein sjukdomstilstand som avgrensar rørsleevna. Det er også eit krav at at det ordinære parkeringstilbodet ikkje er tilstrekkeleg for å dekke behova dine. 

Parkeringsløyvet er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning.

Før du fyller ut søknaden, tenk godt gjennom:

  • Kor har du problem med å parkere, og kor ofte er du der? Ver spesifikk og oppgi gatenamn og adresse. Vi undersøker alle stadar kor vi blir gjort merksame på parkeringsproblematikk.
  • Kvifor det er vanskeleg å parkere der?
  • Kva slags parkeringsplassar finst det der?
  • Kva er det som gjer at du ikkje kan nytte dei ordinære plassane?
  • Korleis vil eit parkeringsløyve konkret hjelpe deg på desse bestemte plassane?
Kven kan søke om parkeringsløyve?
Slik søker du
Slik prioriterer vi søkarar
Søker du som passasjer?
Bruk av parkeringsløyvet
Kva skjer vidare med søknaden?
Klage på vedtak

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072