Vil du bli støttekontakt i lønna oppdrag?

Har du 2-5 timar i veka til overs og lyst til å gjere ein forskjell? Då kan du bidra til å gi andre ei meiningsfull fritid. 

Dersom du er interessert i å hjelpe menneske som treng bistand til eller avlastning for å kunne delta i kultur- og fritidsaktivitetar, vil vi svært gjerne høyre frå deg. 

Bjørnafjorden kommune treng støttekontaktar av begge kjønn og i alle aldrar som kan jobbe oppdragsbasert knytt til barn, ungdom og vaksne.

Vi søker deg som er påliteleg og stabil, og helst over 18 år. Det er ein stor fordel om du har førarkort og disponerer bil. Det er ikkje krav om fagbakgrunn for å bli støttekontakt.

Våre støttekontaktar har ei timelønn på kr 234,40/årslønn på kr 457 072,- I tillegg får du dekka utgifter og kilometergodtgjersle innan gjeldande rammer.  Arbeidstida er fleksibel etter avtale, og du kan få rettleiing ved behov i tillegg til svært meiningsfylte oppgåver.
 

Kven kan vere støttekontakt?

Slik blir du støttekontakt

Fyll ut interesseskjemaet

Ta gjerne kontakt med oss i støttekontakttenesta på telefon 48032152 eller e- post: bebo@bjornafjorden.kommune.no 

 

Praktisk informasjon til deg som alt er støttekontakt

Har du fått tilbod om å vere støttekontakt? Rettar og plikter
For deg som er støttekontakt: her finn du rapportskjema
Slik fører du timar. Her finn du lenker til Visma

Kontakt

Beate Botnevik
Fagleder
Mobil: 48032152
Åse Berit Skeie Ulltang
Spesialkonsulent
Telefon: 90035387
Mobil: 90035387