Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit tilbod til deg som har behov for helsetenester og ikkje er i stand til å oppsøkje helsetenesta/fastlegen sjølv på grunn av sjukdom eller funksjonsnivå.

Tilsette i heimesjukepleia kan hjelpe deg med å ta medisinar, lage til måltida og hjelpe med personleg hygiene. Heimesjukepleia vil legge til rette for at du skal klare mest mogleg sjølv, slik at du kan halde fram med å bu heime.

Kven kan få tilbodet?

Du som treng hjelp på grunn av sjukdom eller nedsett funksjonsnivå. Hjelpebehovet ditt blir jamleg vurdert av fagpersonar i heimetenestene. Tilbodet kan reduserast eller aukast dersom det er endringar i behovet ditt.

Dette kan du forvente av oss i heimesjukepleia
Dette forventar vi i heimesjukepleia av deg

Dersom du mottar hjelp frå to eller fleire instansar i kommunen, kan det vere aktuelt med individuell plan eller koordinator.

Slik søkjer du

Fyll ut digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)

eller bruk søknadsskjema for helse- og velferdstenester  (DOCX, 63 kB)

  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send i posten til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.
  • Dersom det er andre som søker for deg, må du legge ved fullmakt

Kva kostar tenesta?

Heimesjukepleie er gratis.

Avdeling for forvaltning og koordinering i Bjørnafjorden kommune er ansvarleg for kartlegging, saksbehandling, vedtak og forvaltning, medan heimetenestene er ansvarlege for den praktiske gjennomføringa av tenesta.

Slik kontaktar du heimesjukepleia

Send melding via helsenorge.no

Du som får heimesjukepleie, kan logge inn på helsenorge.no for å sende meldingar til heimetenestene i Bjørnafjorden kommune. Her kan du sjå oversikt over planlagte og gjennomførte heimebesøk, i tillegg til å avbestille heimebesøk dersom du er bortreist. Dette kan òg pårørande gjere for deg, ved at du gir dei fullmakt. Sjå korleis du går fram på helsenorge.no.

Send oss melding via Helsenorge

Telefon

Her finn du oversikt over telefonnummer og telefontider for avdelingane i heimetenestene
 

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072