Demenskoordinator

Demenskoordinator er ein sentral pådrivar for god demensomsorg i kommunen og organiserer ei rekke tilbod.

Demens er eit fellesnamn for ein kronisk funksjonssvikt som skuldast ulike hjernesjukdommar eller skadar. Alzheimers sjukdom er den vanlegaste årsaka til demens, men det finst mange fleire.

Personar med demens eller kognitiv svikt er ikkje ei einsarta gruppe. Som alle andre har dei ulike behov og interesser. God demensomsorg handlar om å møte den enkelte der han eller ho er, og basere seg på innsikt i den enkelte si livshistorie, livssituasjon og sjukdomshistorie.

Personar med demens og deira pårørande skal kjenne seg trygge og ivaretatt i møte med tenesteapparatet i Bjørnafjorden kommune.

Demenskoordinatoren tilbyr:

  • Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og andre som har spørsmål om demens
  • Formidling av kontakt med andre kommunale helse- og omsorgstenester
  • Heimebesøk, systematisk oppfølging og fokus på tidleg innsats i samarbeid med fastlegane
  • Utgreiing og oppfølging etter kontakt frå lege
  • Tett samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og dei andre tenestene i kommunen vår
  • Oversikt over tilbod til personar med demens i kommunen
  • Bidrag til utvikling av gode rutinar, samhandling og tilbod innan demensomsorga

Informasjon om tilbodet

Demensteam og ressursperson
Tilbod til pårørande
Kurs for personar med demensdiagnose
Dagaktivitetstilbod for personar med demens
Samiske personar og minoritetsbefolkning og demens
Generelt om demens, diagnostisering og openheit om demensdiagnosen
Personsentrert omsorg: Kva er viktig for deg?
Eit demensvennleg samfunn
Nyttige lenker

Kven er tilbodet for?

  • Personar med demenssjukdom og deira pårørande
  • Tilsette i kommunen

Pris

Tilbodet er gratis.

Slik tar du kontakt

Tilbodet er frivillig, og du treng ikkje søknad eller tilvising. Du kan ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Fastlegen din kan òg hjelpe deg, om du ønskjer det.

Viss vi berre alle kan litt meir om demens, vil kvardagen bli mykje enklare for alle som er påverka av denne sjukdommen.

Sjå også: Aktuelle tilbod til personar med demens/kognitiv svikt og deira pårørande.

Kontakt

Sølvi Bjørnevoll Fagertveit
Demenskoordinator
Mobil: 97477031