Naudnummer og legevakt

Legevakta er ei interkommunal legevaktteneste for kommunane Bjørnafjorden og Samnanger. Legevakta held til på Moberg på Os og i Fjord'n senter i Eikelandsosen.

Kontakt oss

  • Ta kontakt med fastlegen din. 
    Fastlegen er hovudkontakten din i helsevesenet. Du bør alltid ringe til fastlegen din først, om det er mogeleg.
  • Ring legevakta på 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente. 
  • Ring 113 ved akutt, alvorleg sjukdom eller skade

Opningstider

Legevakta er døgnopen. Du må ringe før du kjem. Ein sjukepleiar svarar på telefonen, og vurderer kor mykje det hastar for deg å få hjelp. Alle telefonsamtalar til 116 117 blir loggførte.

Her finn du Moberg legevakt

Adresse: Mobergsbakken 111, beredskapsbygget for legevakt og brannstasjon på Moberg. Sjå kart.

Her finn du Eikelandsosen legevakt

Adresse: Leiro 33, 5640 Eikelandsosen. Sjå kart.

Dette lurer mange på

Kva kan legevakta hjelpe meg med?
Kva må eg ta med meg til legevakta?
Kor lang er ventetida?
Kva kostar det?


Bjørnafjorden og Samnanger interkommunale legevakt er ei avdeling i Eining for legetenester i Bjørnafjorden kommune.
Administrativ avdelingsleiar er Trude Fjæreide. Legevaktoverlegen har det øvste medisinske ansvaret. Bjørn Petter Aasheim Johannesen er legevaktoverlege.

Tannlegevakt

Dersom du har ein akutt tannskade eller behov for å stanse smerte, kan du få hjelp på tannlegevakta i Solheimsgaten på Danmarksplass i Bergen. Les meir om tannlegevakta

Kontakt

Bjørnafjorden legevaktsentral
Telefon: 116117
Mobil: 56570370