Helsevern i barnehagen

Barn har rett på eit trygt og helsefremjande miljø i barnehagen. Dersom det er tilhøve ved barnehagen du meiner ikkje er helsemessig tilfredsstillande, må du først ta kontakt med barnehagen og fortelje om di bekymring. 

Viss ikkje dette fører fram eller barnehagen ikkje svarer innan rimeleg tid, kan du sende ein klage til kommunen.

Kva kan du klage på?

Du kan klage på barnehagen sine inne- og uteareal, barnehagen sine rutinar eller barna sitt leike- og læringsmiljø. 
Døme på klage kan vere:

  • Dårleg inneklima, til dømes fukt, mugg eller dårleg luft
  • Dårleg reinhald
  • Mykje støy innandørs
  • Dårleg sikkerheit, til dømes manglar ved barnehagen sine rutinar, konkrete tilhøve som kan føre til ulukke eller skade, uønskte hendingar som førte til, eller kunne ha ført til, helseskade
  • Dårlege hygienerutinar eller manglande smittevern

Slik klagar du

Dersom du vil klage på det pedagogiske innhaldet i ein barnehage, må du ta kontakt med dei ansvarlege på barnehageområdet i Bjørnafjorden kommune.

Les også
Bergen kommune - Helsevern i barnehage

Bergen kommune - Klage på helse, miljø og sikkerhet for barnehagebarn

Helseverngodkjenning av barnehagar og skular

Oversikt over barnehagar og skular med helseverngodkjenning i Bjørnafjorden kommune

Alle barnehagar og skular i kommunen må vere godkjende etter reglane for miljøretta helsevern. Les meir om krava her

  • Føremålet med godkjenninga er å sikre at barna har eit trygt og godt miljø der dei kan trivast, leike og lære. Det skal òg førebygge sjukdom, skadar og alvorlege hendingar. 
  • Når nye bygg blir planlagde, eller det skjer endringar i drifta, blir det tatt omsyn til barn sine behov.
  • På vegner av kommuneoverlegen i Bjørnafjorden, sjekkar Miljørettet helsevern i Bergen kommune at skular og barnehagar følgjer reglane i forskrifta for helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar.
  • Kommunen gir råd og rettleiing til barnehagar og skular både før og etter godkjenning.