Helsevern i skulenElevar har rett på eit trygt og helsefremjande miljø på skulen. Dersom det er tilhøve ved skulen du meiner ikkje er helsemessig tilfredsstillande etter krava i forskrifta, må du først ta kontakt med skulen og fortelje om di bekymring. Viss ikkje dette fører fram eller skulen ikkje svarer innan rimeleg tid, kan du sende ein klage til kommunen. Kommuneoverlegen i Bjørnafjorden er fagleg ansvarleg for miljøretta helsevern i kommunen.Fagavdelinga Miljørettet helsevern ved Helsevernenheten i Bergen kommune behandlar sakane på vegner av Bjørnafjorden kommune. Kva kan du klage på?Du kan klage på skulen sine inne- og uteareal, skulen sine rutinar eller elevane sitt leike- og læringsmiljø. Døme på klage kan vere:Dårleg inneklima, til dømes fukt, mugg eller dårleg luftDårleg reinhaldMykje støy innandørsDårleg sikkerheit, til dømes manglar ved skulen sine rutinar, konkrete tilhøve som kan føre til ulukke eller skade, uønskte hendingar som førte til, eller kunne ha ført til, helseskadeDårlege hygienerutinar eller manglande smittevernSlik klagar duLes også: Bergen kommune - Helsevern i skoleHelseverngodkjenning av barnehagar og skular Oversikt over barnehagar og skular med helseverngodkjenning i Bjørnafjorden kommuneAlle barnehagar og skular i kommunen må vere godkjende etter reglane for miljøretta helsevern. Les meir om krava herFøremålet med godkjenninga er å sikre at barna har eit trygt og godt miljø der dei kan trivast, leike og lære. Det skal òg førebygge sjukdom, skadar og alvorlege hendingar. Når nye bygg blir planlagde, eller det skjer endringar i drifta, blir det tatt omsyn til barn sine behov.På vegner av kommuneoverlegen i Bjørnafjorden, sjekkar Miljørettet helsevern i Bergen kommune at skular og barnehagar følgjer reglane i forskrifta for helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar.Kommunen gir råd og rettleiing til barnehagar og skular både før og etter godkjenning.Lovar og forskrifterForskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger (Lovdata)Rettleiar: Helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger (Helsedirektoratet)Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) Sist endra 24.11.2025 12:46