Kva er miljøretta helsevern?

Miljøretta helsevern er ein lovpålagt del av folkehelsearbeidet i kommunen. Det handlar om å verne befolkninga mot miljøfaktorar som kan ha negativ innverknad på helsa, og å fremje gode og trygge omgivnader. Dette omfattar både fysiske, biologiske, kjemiske og sosiale miljøfaktorar

Kva inneber det?

  • Tilsyn med det fysiske miljøet og godkjenning av barnehagar og skular.
  • Tilsyn med helsemessige tilhøve i verksemder som frisørsalongar, tatoveringsstudio, badeanlegg, solarium og campingplassar.
  • Behandling av klager på støy, lukt, inneklima, skadedyr og liknande.
  • Rådgiving og rettleiing i saker der miljøet kan påverke helsa.
  • Førebygging og beredskap, til dømes ved smittefare eller ulukker.

Du kan lese meir om miljø og helse på Helsedirektoratet sine nettsider

Desse verksemdene må søkje om godkjenning
Desse verksemdene må melde frå