Dersom du får helseplagar frå miljøfaktorar som til dømes støy, lukt, støv eller skadedyr, må du først ta kontakt med den som forårsakar plagane. Viss ikkje dette fører fram, kan du klage til kommuneoverlegen i Bjørnafjorden kommune.
-
Slik går du fram
- I klagen må du dokumentere og beskrive kva som forårsaker helseplagane.
- Du må stadfeste at du har forsøkt å klage direkte til den som forårsaker helseplagane. Beskriv kva som er drøfta og når det skjedde.
- Du må oppgi eigen kontaktinformasjon og helst òg til den som forårsaker helseplagane.
- Dersom det er fleire som står bak klaga, må alle skrive under med namn.
Send klage
Kva skjer vidare med klagen?
Berre klagar på tilhøve som gir vesentlege helseplagar blir behandla. Fagavdelinga Miljørettet helsevern i Bergen kommune behandlar klagen på vegner av kommuneoverlegen i Bjørnafjorden.
Saksbehandlaren tar først kontakt med den som forårsakar helseplaga di. Dei fleste saker løyser seg heldigvis med dialog, men vi kan òg stille krav til vedkomande om å rette opp i tilhøve som gir helseproblem.
Sist endra 24.11.2025 12:44