Slik vaksinerer vi mot influensaKommunen tilrår at personar over 65 år, og dei som er i andre risikogrupper for alvorleg influensasjukdom, tar ein oppdatert influensavaksine kvar haust. Det same gjeld for nokre andre målgrupper.I Bjørnafjorden kommune er det oppstart av vaksenvaksinasjonsprogrammet i løpet av veke 42 i 2025. Kven er i risikogruppa?Bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustader.Alle frå 65 år.Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester som har annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.Prematurt fødde barn, frå 6 månader til 5 år.Barn og vaksne med:Diabetes type 1 og diabetes type 2Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høg blodtrykk), leversvikt eller nyresviktKronisk nevrologisk sjukdom eller skadeNedsett immunforsvarSvært alvorleg fedme (BMI over 40)Annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensaAndre målgrupper for influensavaksineHelsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta med nær pasientkontakt.Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte pasientar.Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk fugl. Her kan du ta vaksinenDu som er i risikogruppa, eller som bur saman med/er tilsvarande nær til immunsupprimerte personar, kan ta influensavaksinen hos fastlegen eller hos eitt av dei tre apoteka som samarbeider med kommunen om vaksinasjon:Apotek1 Os: Timebestilling vaksineApotek1 Flåten: Timebestilling vaksineVitusapotek Irisgården: Timebestilling influensavaksine Vaksinering av barn og gravideTa kontakt med helsestasjonen. Influensavaksine i form av ein nasespray vil bli tilgjengeleg i løpet av veke 44.Vaksinering av helsepersonell, svinerøktarar og saneringspersonellArbeidsgivar har ansvar for yrkesvaksinering. Eiga ordning gjeld for tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester.Du får informasjon via arbeidsgivar.Vaksinering av tilsette i kommunale barnehagar og skularEiga ordning gjeld. Du vil få informasjon via arbeidsgivar.PrisEigenandel for influensavaksinen for risikogrupper og målgrupper er kr 301,- Dersom du ikkje er i risikogruppa eller ei målgruppe, må du betale full pris for vaksine på apotek (pris varierer mellom apoteka). Du kan ta influensavaksinen samtidig med koronavaksine og/eller pneumokokkvaksine hos fastlegen. Då betaler du ein redusert pris per vaksine. Meir informasjonVaksiner og vaksinasjon - HelsenorgeTa koronavaksine – Bjørnafjorden kommuneTa pneumokokkvaksine - Bjørnafjorden kommuneVaksenvaksinasjonsprogrammet (VVP) i Bjørnafjorden kommune Sist endra 09.10.2025 13:09