Pneumokokkvaksine

Vaksinen beskytter mot pneumokokkbakterien, som kan føre til lungebetennelse, blodforgifting og hjernehinnebetennelse.
Folkehelseinstituttet anbefaler alle over 65 år å ta pneumokokkvaksine. Du får tilbod om vaksinen det året du fyller 65 år, som ein del av vaksenvaksinasjonsprogrammet. 
Vaksinen er òg anbefalt til yngre personar i andre risikogrupper. 

Desse er anbefalt å ta pneumokokkvaksine:
  • Du kan ta pneumokokkvaksinen samtidig med koronavaksine og/eller influensavaksine hos fastlegen. Då betaler du ein redusert pris per vaksine.

Her kan du ta vaksinen

Du som fyller 65 år i år:

Det året du fyller 65 år får du tilbod om å ta pneumokokkvaksinen som ein del av vaksenvaksinasjonsprogrammet. Du kan då ta vaksinen hos fastlegen til redusert pris, kr 110,- (kr 85,- dersom du tar andre vaksinar samstundes). Bestill time hos fastlegen på vanleg måte.
 Dersom du ikkje har fastlege i Bjørnafjorden, kan du ta kontakt med eit kommunalt legekontor.

  • Om det er nok med éin dose eller om du treng oppfriskingsdose kvart 6. år, avheng av kva for vaksinepreparat du får og kor høg risiko du har for alvorleg pneumokokksjukdom. 

    Snakk med legen din om du er usikker på om du har behov for pneumokokkvaksine.

    Vaksinepreparat som blir brukte i vaksenvaksinasjonsprogrammet (for dei som fyller 65 i år), er rekna for å gi varig beskyttelse utan behov for oppfriskingsdosar. 
    Ved å tilby vaksine til heile årskull det året dei fyller 65 år, vil ein sikre at aldersgruppa 65+ blir stadig betre beskytta mot pneumokokksjukdom.

Du som er eldre enn 65 år og yngre personar i risikogrupper:

Du må dessverre betale full pris for pneumokokkvaksinen (frå kr 350,-) hos fastlege.

NB: Eiga ordning med vaksine på blå resept for høgrisikogruppe. Ta kontakt med fastlegen din for meir informasjon.

Meir informasjon:

Pneumokokkvaksine – håndbok for befolkningen - FHI

Vaksiner og vaksinasjon - Helsenorge

Ta influensavaksine - Bjørnafjorden kommune

Ta koronavaksine - Bjørnafjorden kommune

Vaksenvaksinasjonsprogrammet (VVP) i Bjørnafjorden kommune