Jobb med barn og unge i Bjørnafjorden kommune

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

 

I sektoren Oppvekst gir vi tenester til barn, unge og familiane deira, med særskilt fokus på tidleg innsats og førebygging.
I Bjørnafjorden er «alle barn våre barn». Det betyr at vi har eit felles ansvar for barn og unge i vår kommune.

”Eg veit kor eg skal gå om eg har ei problemstilling eller berre treng nokon å snakke med. Miljøet er veldig godt, eg trivst på jobb. Som nyutdanna har eg òg fått oppfølging gjennom eit eige nettverk.”

– Elisabeth Foer, lærar

Finn ledige stillingar her

Våre mål

Alle barn og unge skal ha gode oppvekstmiljø som

  • fremmar helse, trivsel og læring
  • gir meistring, tryggleik og anerkjenning
  • førebygger utviklings- og helserelaterte vanskar 

Vi jobbar mykje i team for å finne gode tverrfaglege løysingar til det beste for barn og unge og familiane deira.

Vi treng deg

Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden kommune gode oppvekstvilkår?
Vi treng:

  • barne- og ungdomsarbeidarar, miljøarbeidarar, lærarar, spesialpedagogar, barnehagelærarar, logopedar, psykologar, jordmødrer, helsesjukepleiarar, barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og fleire andre relevante faggrupper
  • leiarar til barnehage, skule og fagtenester
  • kontorfagleg personale

Ein god oppvekst varer livet ut. Som tilsett i Oppvekst er du med å gi barn og unge eit godt grunnlag. 
Finn ledige stillingar her

Kva gjer vi for å nå måla våre?

  • Vi legg til rette for trygge og utviklande oppvekstmiljø i eit samarbeid mellom tilsette, barn, ungdom, familiar og eksterne samarbeidspartar.
  • Vi er fleksible og skapar god samanheng i tenestene.
  • Vi utviklar eit heilskapleg barnehage- og skuletilbod med tilpassa fagtenester.
  • Vi er utviklingsorienterte og nyttar forskingsbasert kunnskap og metodar.
  • Vi held fast ved satsingar over tid.
  • Vi har gode barnehage- og skulebygg og uteområde/nærmiljøanlegg som fremmar leik, læring og trivsel og bidrar til god folkehelse.
Fransisco Munoz / Bjørnfjorden kommune

Spennande prosjekt og tilbod

Vi jobbar med mykje spennande:
Barnevernsreforma
Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis
VERD-SETT: folkehelsearbeid for barn og unge
Familiens hus
Ung Arena

Bli lærling i barne-og ungdomsarbeidarfaget

Vi kan tilby ein spennande arbeidsplass med dyktige og engasjerte rettleiarar.

Les meir om læreplassar

Kvifor jobbe i Bjørnafjorden kommune?

Som nytilsett i Bjørnafjorden kommune får du god oppfølging og fagleg spennande utfordringar.

Les meir om korleis det er å jobbe i Bjørnafjorden